William Lawrence Bragg
Sir William Lawrence Bragg (31. mars 1890–1. juli 1971) var ein australsk-fødd fysikar.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1915, berre 25 år gammal, saman med far sin William Henry Bragg.
Etter han var ferdig med utdanninga arbeidde han med faren frå 1912 til 1915. Under første verdskrigen var han teknisk konsulent og arbeidde med akustisk peiling og avstandsmåling. Frå 1919 til 1937 var han professor i Manchester etter Ernest Rutherford og frå 1938 til 1953 var han professor i Cambridge, før han vart direktør for The Royal Institution i London fram til 1966. 1953–66. Han utleidde Bragg-lova som gjev vilkåret for refleksjon av ei parallell stråle. Bragg gjorde mykje for å gjere røntgenanalysemetoden betre, mellom anna ved å nytte han ved studiet av komplekse proteinmolekyl i levande organismar.
Prisar (utval)
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «William Lawrence Bragg» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- William Lawrence Bragg. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 20. august 2013 frå http://snl.no/William_Lawrence_Bragg.
Academics of the Victoria University of Manchester
- Einskildmenn
- Fødde i 1890
- Døde i 1971
- Australske fysikarar
- Australske nobelprisvinnarar
- Britiske nobelprisvinnarar
- Nobelprisen i fysikk
- Elevar ved Trinity College i Cambridge
- Engelske fysikarar
- Eksperimentelle fysikarar
- Optiske fysikarar
- Medlemmar av Royal Society
- Australske riddarar
- Order of the Companions of Honour
- Order of the British Empire
- Folk frå Adelaide
- Copleymedaljen
- Militærkrossen
- Royal Medal
- Elevar ved University of Adelaide
- Krystallografar
- Æresmedlemmar av Royal Society of Edinburgh