Carl David Anderson
Carl David Anderson | |||
Carl Anderson ved LBNL, 1937 | |||
Fødd | 3. september 1905 New York City i New York i USA | ||
---|---|---|---|
Død | 11. januar 1991 (85 år) San Marino i California i USA | ||
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | Fysikar | ||
Institusjonar | California Institute of Technology | ||
Alma mater | California Institute of Technology | ||
Doktorgradsrettleiar | William Smythe Robert Andrews Millikan | ||
Kjend for | Discovery of the positron Discovery of the muon | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1936) Elliott Cresson-medaljen (1937) | ||
Ektefelle | Elvira Lorena Bergman | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences American Philosophical Society American Association for the Advancement of Science American Physical Society |
Carl David Anderson (3. september 1905 –11. januar 1991) var ein amerikansk eksperimentell fysikar. Han var fødd i New York City, foreldrene var svenske immigrantar. Han studerte fysikk ved Caltech der han tok ein doktorgrad i 1930.
Under leiing av Robert A. Millikan byrja han å studere kosmisk stråling. Medan han gjorde forsøk med tåkekammer, oppdaga han uventa spor av subatomære partiklar. Frå fotografi av partikkelbanene førsåg han at dette var skapt av partiklar med same masse som elektron, men med motsett elektrisk ladning. Oppdaginga understøtta Paul Dirac sine teoretiske berkningar om at det fanst eit positron. Anderson oppnådde òg eit direkte bevis for at positronet eksisterte ved å sende gammastråler skapt av thoriumkarbid (ThC'') inn i andre materialer, noko som førte til at det vart danna positron-elektron par. Oppdaginga av positronet førte til at Anderson fekk Nobelprisen i fysikk i 1936 saman med Victor Hess.
Same år, i 1936, var Anderson med på å oppdage den subatomære partikkelen muon (i byrjinga òg kalla 'mu-meson') som er 207 gonger tyngre enn elektronet.
Artiklar
[endre | endre wikiteksten]- C.D. Anderson, "The Positive Electron", Phys. Rev. 43, 491 (1933)