Hopp til innhald

Philipp Eduard Anton von Lenard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Philipp Lenard)
Philipp Eduard Anton von Lenard

FøddPhilipp Eduard Anton von Lenard
7. juni 1862
Bratislava
Død20. mai 1947
Messelhausen
NasjonalitetTyskland, Ungarn
Områdefysikk
Yrkefysikar, oppfinnar, universitetslærar, politikar
InstitusjonarChristian-Albrechts-Universität zu Kiel
Universitetet i Heidelberg
Budapest University of Technology and Economics
Universitetet i Wrocław
RWTH Aachen
Universitetet i Bonn
Alma materUniversitetet i Heidelberg
Gymnasium Grösslingová
DoktorgradsrettleiarRobert Wilhelm Bunsen
Georg Hermann Quincke
EktefelleKatharina Lenard
MedlemDet prøyssiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Kampfbund für deutsche Kultur
Det ungarske vitskapsakademiet
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg

Philipp Eduard Anton von Lenard (fødd 7. juni 1862 i Pressburg (Bratislava) i dåverande Austerrike-Ungarn, død 20. mai 1947 i Messelhausen, Main-Tauber-Kreis, Baden-Württemberg) var ein tysk fysikar.

Lenard blei i 1886 filosofidoktor ved Universitetet i Heidelberg, i 1893 dosent i Bonn, i 1894 ekstraordinær professor i fysikk ved Universitetet i Breslau (Wrocław) og i 1895 ved RWTH Aachen. Han blei i 1896 ordinær professor i teoretisk fysikk i Heidelberg, i 1898 i eksperimentell fysikk i Kiel og i 1905 i Heidelberg.

Lenard mottok Nobelprisen i fysikk i 1905 for arbeidet sitt med bilderøyr. Vitskapleg er han mest kjend for dei eksperimentelle arbeida med den fotoelektrisk effekten. Han var den første som nytta vismutspiralar for å måla magnetiske feltstyrke.

Lenard meinte at den moderne fysikken måtte vera feilaktig, då han var abstrakt og streid mot fornufta. Saman med Johannes Stark retta han på starten av 1920-talet kritikk mot relativitetsteorien, kombinert med antisemittiske angrep mot Albert Einstein. Lenard blei i 1922 den første kjende vitskapsmannen som opent solidariserte med NSDAP og Adolf Hitler. Partimedlem blei han fyrst i 1937. Antirelativismen fekk færre tilhengarar med åra, men Lenard og Stark nådde ny framgang etter nazistanes maktovertaking på 1930-talet. Fysikkinstituttet ved Universitetet i Heidelberg blei i 1935 omdøypt til Philipp-Lenard-Instituttet. Lenard gav ut ei lærebok i Deutsche Physik, der han framholt at anlegg for vitskap følgde med rasen og at ariar var best passande. Boka mista derimot innverknad etter at tyske forskarar samla seg i München i november 1940, og blei einige om at relativitetsteorien er ein nødvendig del av fysikken.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]