Hopp til innhald

Leon M. Lederman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mai 2020 kl. 00:58 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Setter på parenteser)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Leon M. Lederman

Fødd15. juli 1922
Buffalo i New York, New York by
Død3. oktober 2018
Rexburg
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkepartikkelfysiker, universitetslærar, fysikar
InstitusjonarUniversity of Chicago
Columbia University
Illinois Institute of Technology
Fermilab
Alma materCity College of New York
Columbia University
James Monroe High School
DoktorgradsrettleiarEugene T. Booth
Gilberto Bernardini
Kjend forNøytrinoar
BarnRena Lederman
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Leon Max Lederman (fødd 15. juli 1922) er ein amerikansk matematikar og fysikar. Lederman vart tildelt Nobelprisen i fysikk 1988, saman med Melvin Schwartz og Jack Steinberger, for metoden med nøytrinostråler og påvisinga av dobbeltstrukturen til lepton gjennom oppdaginga av myonnøytrino. Han har òg mottatt Wolfprisen i fysikk.

Lederman tok doktorgrad ved Columbia University, New York, i 1951, og vart professor ved same universitet i 1958. Han var sjef for Fermi National Accelerator Laboratory in Batavia, Illinois mellom 1979 og 1989.

På starten av 1960-talet utførte Lederman, Schwartz og Steinberger eksperiment ved Brookhaven National Laboratory der dei nytta partikkelaksellerator for å generere ei stråle av nøytrinoar, partiklar som ikkje har nokon merkbar masse eller elektrisk ladning. Det var kjend at når nøytrinoar treffer materie, så vert det nokre gonger generert elektron eller elektronlike partiklar som kallast myon. Det var derimot ikkje kjend om dette kom av at det fanst ulike typar nøytrinoar. Lederman , Schwartz og Steinberger viste at dette var tilfelle og kalla den tidlegare uidentifiserte typen av nøytrinoar som genererte myon for myonnøytrino. Denne oppdaginga førte til innsikta i at leptona, den familien av partiklar som elektron og nøytrinoar tilhøyrer, dannar «familiar» av partiklar. Dette er no ein del av standardmodellen som skildrar oppbygginga og kategoriseringa av elementærpartiklane.