Kansas
Kansas | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Midtvesten, det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Topeka | ||
Areal | 213 096 km² | ||
• land | 211 900 km² | ||
• vatn | 1 196 km² | ||
Folketal | 2 913 123 (2017) | ||
Folketettleik | 14 / km² | ||
Før innlemming | Territoriet Kansas | ||
Innlemma i USA | 29. januar 1861 | ||
Statsnummer | 34. | ||
Forkorting | KS | ||
Kansas 38°30′N 98°00′W / 38.5°N 98°W | |||
Kart som viser Kansas.
| |||
Wikimedia Commons: Kansas | |||
Nettstad: portal.kansas.gov |
Kansas er ein delstat i USA. Hovudstaden er Topeka. Delstaten ligg i Midtvesten og grensar til Missouri i aust, Oklahoma i sør, Colorado i vest og Nebraska i nord. Han har tilnamnet «Sunflower State».
Staten er delt inn i 105 fylke og har 628 byar. Topeka med 121 946 innbyggjarar er den fjerde største byen i Kansas.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem frå Kansaselva som renn gjennom staten, og stammar frå siouxordet Kansa, som betyr «folk av sønnavinden».
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Kansas har det tredje største jordbruksarealet i USA, og produserer en sjettedel av all kveite dyrka i landet. Staten er den nest største kvegprodusenten i USA, etter Texas. Dei største jordbruksrelaterte inntektene kjem frå kveg, sauehald, kveite, durra, soyabønner, bomull, svin og mais. Gardsbruka er høvesvis små etter Midtvesten-standard, så landbrukssubsidiane var i 2006 dei femte høgaste i USA, 623 millionar amerikanske dollar.
Det kjem industriinntekter frå transportutstyr, kommersiell og privat flyverksemd, kjemikaliar, maskiner, klede, olje og gruvedrift. Kansas er den åttande største oljeprodusenten i landet. Staten er også rangert som den åttande største naturgassprodusenten i USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kansas» frå Wikipedia på bokmål, den 26. august 2023.