Oklahoma
Oklahoma | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Oklahoma City | ||
Areal | 181 035 km² | ||
• land | 177 846 km² | ||
• vatn | 3 189 km² | ||
Folketal | 3 930 864 (2017) | ||
Folketettleik | 22 / km² | ||
Guvernør | Kevin Stitt (R) | ||
Innlemma i USA | 16. november 1907 | ||
Statsnummer | 46. | ||
Forkorting | OK | ||
Oklahoma 35°30′N 98°00′W / 35.5°N 98°W | |||
Kart som viser Oklahoma.
| |||
Wikimedia Commons: Oklahoma | |||
Nettstad: ok.gov |
Oklahoma (uttalt: /ˌoʊkləˈhoʊmə/)[1] er ein delstat som ligg i den sørleg-sentrale regionen i USA. Oklahoma City er staten sin hovudstad og største by. Med ca. 3,5 millionar innbyggjarar er Oklahoma den 28. mest folkerike staten i USA. Staten blei oppretta frå Indianerterritoriet sine område 16. november 1907, og blei den 46. staten som blei med i unionen. Staten sitt namn skriv seg frå dei to Choctaw-orda okla og humma, som betyr «det raude folk». Namnet blei vald av Allen Wright, sjef for Choctawnasjonen.[2]
Som ein stor produsent av naturgass, olje og mat, baserer Oklahoma seg på dei økonomiske sektorane: luftfart, energi, telekommunikasjon og bioteknologi.[3] Staten sin økonomi er i ein sterk vekstperiode, og Oklahoma er blant dei leiande statane når det gjeld vekst i bruttonasjonalproduktet.[4][5] I tillegg er auken i BNP per innbyggjar tredje størst i landet. Oklahoma City og Tulsa er Oklahomas største økonomiske basar. Oklahoma kan kallast ein urbanisert stat, då heile 60 % av innbyggjarane bur i urbaniserte metropolområde.
Med sine små fjellrekkjer, præriar og austlege skogar, ligg mesteparten av Oklahoma i regionane Great Plains og Ozark Highlands. Sistnemnde er spesielt utsett for torevêr.[6] Det er folk med tysk, irsk og innfødd amerikansk avstamming som dominerer det etniske biletet i staten, og det blir snakka meir enn 25 innfødde språk i staten, eit tal som overgår alle andre statar.[7] I dag finst det fleire hovudkvarter for indianarstammer i denne staten enn i nokon annan. Oklahoma er lokalisert i eit område kor tre kulturelle regionar møtast, og historisk sett har staten vore ein destinasjon for kvegfarmarar, ein destinasjon for sørlege nybyggjarar og eit stadfesta territorium for innfødde amerikanarar. Religiøst sett er staten ein del av bibelbeltet, eit område kor konservativ evangelisk kristendom har ein dominerande posisjon. Staten er altså kjend for å vere konservativ, men på tross av det har det meir liberale demokratiske partiet meir registrerte stemmar enn det konservative republikanske.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Oklahoma - Definitions from Dictionary.com». Dictionary.com. Henta 10. august 2007.
- ↑ Oklahoma State History and Information, arkivert frå originalen 16. juli 2006, henta 16. april 2008
- ↑ «Oklahoma at a Glance» (PDF). Oklahoma Department of Commerce. Arkivert frå originalen (pdf) 8. august 2007. Henta 1. august 2007.
- ↑ «State Personal Income 2006». United States Department of Commerce. 27. mars 2007. Arkivert frå originalen 29. august 2013. Henta 5. august 2007.
- ↑ «Gross Domestic Product by State (2005-2006)» (PDF). Oklahoma Department of Commerce. Arkivert frå originalen (pdf) 8. august 2007. Henta 1. august 2007.
- ↑ TravelOK, arkivert frå originalen 9. juli 2006, henta 16. april 2008
- ↑ Sedl.org, arkivert frå originalen 16. august 2007, henta 16. april 2008