José Saramago
José Saramago | |
Statsborgarskap | Portugal |
Fødd | 16. november 1922 Azinhaga, Golegã |
Død | |
Yrke | journalist, skodespelforfattar, omsetjar, romanforfattar, lyrikar, krønikeskrivar, essayist, dagbokskrivar, litteraturkritikar, skribent, manusforfattar, dramaturg, revolusjonær |
Sjanger | magisk realisme |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Ilda Reis, Isabel da Nóbrega, Pilar del Río |
Born | Violante Saramago Matos |
José Saramago på Commons |
José de Sousa Saramago (fødd 16. november 1922 i Azinhaga i Portugal, død 18. juni 2010 Tías på Lanzarote) var ein portugisisk roman- og novelleforfattar, dramatikar, lyrikar, essayist, omsetjar og journalist.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Saramago fekk det internasjonale gjennombrotet i 1982 med romanen Memorial do Convento (Klosterkrønike), og vart tildelt nobelprisen i litteratur i 1998. Frå 1992 og fram til han døydde budde han på Lanzarote, ei av Kanariøyane. Saramago var medlem av det portugisiske kommunistpartiet frå 1969, han var ateist og skildra seg sjølv som pessimist. Oppfatningane hans har skapt store kontroversar i Portugal, spesielt etter utgjevinga av Jesusevangeliet.
Tilliks med Jesusevangeliet er mange av arbeida hans framstillingar av historiske hendingar i nye perspektiv. Saramago forsøkte å framheve den menneskelege faktoren bak hendingane i staden for å presentere den vanlege «offisielle» framstillinga. Nokre av arbeida hans kan også sjåast på som allegoriar.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Poesi
[endre | endre wikiteksten]Romanar og novellesamlingar
[endre | endre wikiteksten]- Terra do Pecado, 1947
- Manual de Pintura e Caligrafia, 1977
- Objecto Quase, 1978
- Poética dos Cinco Sentidos - O Ouvido, 1979
- Levantado do Chão, 1980
- Memorial do Convento, 1982 (Klosterkrønike, 1987)
- O Ano da Morte de Ricardo Reis, 1984 (Det året Ricardo Reis døde, 1998)
- A Jangada de Pedra, 1986 (En flåte av stein, 1989)
- História do Cerco de Lisboa, 1989 (Beleiringen av Lisboa, 1995)
- O Evangelho Segundo Jesus Cristo, 1991 (Jesusevangeliet, 1993)
- Ensaio sobre a Cegueira, 1995 (En beretning om blindhet, 1996)
- O Conto da Ilha Desconhecida, 1997
- Todos os Nomes, 1997 (Alle navnene, 2001)
- A Caverna, 2001 (Hulen, 2002)
- O Homem Duplicado, 2002 (Den andre mannen, 2004)
- Ensaio sobre a Lucidez, 2004 (En beretning om klarsyn, 2005)
- As Intermitências da Morte, 2005 (Dødens uteblivelse, 2007)
Drama
[endre | endre wikiteksten]- A noite, 1979
- Que Farei Com Este Livro?, 1980
- A Segunda Vida de Francisco de Assis, 1987
- In Nomine Dei, 1993
- Don Giovanni ou o Dissoluto Absolvido, 2005
Essay
[endre | endre wikiteksten]- Deste Mundo e do Outro, 1971
- A Bagagem do Viajante: crónicas, 1973
- As Opiniões que o DL teve, 1974
- Os Apontamentos: crónicas política, 1976
- Viagem a Portugal, 1981 (Reisen til Portugal, 2001, reiseskildring)
Dagbøker
[endre | endre wikiteksten]- Cadernos de Lanzarote: diário [1–5], 1994–1998
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sjølvbiografi (frå nobelprize.org)
- Samleside på NRK.no
- Verk av og om José Saramago i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nekrolog på Die ZEIT online, henta 31. mars 2012