Hopp til innhald

Octavio Paz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Octavio Paz

Statsborgarskap Mexico, Den andre spanske republikken
Fødd 31. mars 1914
Mexico by
Død

19. april 1998 (84 år)
Mexico by

Yrke lyrikar, songtekstforfattar, diplomat, filosof, omsetjar, essayist, skribent, politikar
Sjanger dikt
Medlem av Colegio Nacional, Academia Mexicana de la Lengua, American Academy of Arts and Sciences, Academia Brasileira de Letras
Religion ateisme
Ektefelle Elena Garro, Marie José Tramini
Octavio Paz på Commons

Octavio Paz (31. mars 191419. april 1998) var ein meksikansk forfattar, poet og diplomat.

Han fekk i 1990 Nobelprisen i litteratur «for ein intens skrivestil med vide horisontar, prega av forståing for det sanselege og med humanistisk integritet.»[1][2]

Octavio Paz gjekk inn i det meksikanske diplomatiet i 1945. Fram til 1962 var han i Frankrike der han mellom andre samarbeidde med Pablo Neruda. På denne tida kom El laberinto de la soledad («Einsemdas labyrint»), ein studie i den meksikanske og latinamerikanske identiteten. Verka hans har surrealistiske trekk etter påverknad frå og samarbeid med André Breton, Benjamin Péret og andre.

Under den spanske borgarkrigen deltok Paz på republikanarane si side. I 1962 blei han meksikansk ambassadør i India, men i protest mot Tlatelolcomassakren avslutta han si diplomatiske karriere i 1968.

Til dei viktigaste lyriske verka hans høyrer Piedra de sol («Solstein») frå 1950-åra, som blei så viktig for den latinamerikanske litteraturen at det kan samanliknast med det T.S. Eliots The waste land fekk å seie for engelskspråkleg litteratur. Dessutan Blanco («Kvit») frå 1960-åra og Pasado en claro frå 1970-åra.

Verk omsett til norsk og dansk

[endre | endre wikiteksten]
  • Klarhedens skrift (Pasado en claro), dikt, Århus: Husets Forlag, 1991, 29 sider. Dansk. ISBN 87-7483-258-1
  • Hymne mellom ruiner, dikt, Oslo : Vika forlag, 64 sider. Gjendikta til norsk av Åse-Marie Nesse, Kolbein Falkeid, Kjartan Fløgstad og Kari Risvik. ISBN 8273700062
  • Avantgardens solnedgang (El ocasio de la vanguardia frå essaysamlinga Los hijos del limo), Cappelen 1993 (Cappelens upopulære skrifter), 93 sider. Omsett til bokmål av Bertil Knudsen og Jørgen Gaare
  • Saltomortalens time, Oslo : Dreyer, 1991. Utval og gjendikting til bokmål ved Åse-Marie Nesse
  • Rappaccinis datter, skodespel, Oslo : Dreyer , 1991, 75 sider. Omsett til bokmål av Åse-Marie Nesse

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «for impassioned writing with wide horizons, characterized by sensuous intelligence and humanistic integrity».
  2. Nobeltildelinga 1990 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Octavio Paz
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Octavio Paz