Toni Morrison
Toni Morrison | |
Fødenamn | Chloe Ardelia Wofford |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. februar 1931 Lorain i Ohio |
Død |
5. august 2019 (88 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, librettist, universitetslærar, lyrikar, barnebokforfattar, lydboksinnleser, redaktør |
Sjanger | Afroamerikansk litteratur |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences, Alpha Kappa Alpha |
Religion | katolisisme |
Ektefelle | Harold Morrison |
Toni Morrison på Commons |
Toni Morrison (18. februar 1931–5. august 2019) var ein amerikansk forfattar. Ho er rekna som ei av dei viktigaste representantane for afroamerikansk litteratur og fekk i 1993 Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Grunngjevinga var at ho var ei «som genom en romankonst präglad av visionär kraft och poetisk pregnans levandegör en väsentlig sida av amerikansk verklighet».[1][2]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Toni Morrison var det andre barnet til Ramah Willis og George Wofford og voks opp i ein afroamerikansk arbeidarfamilie. Ho las mykje i barndomen; favorittforfattarar var Jane Austen og Leo Tolstoj. Takk vere faren fekk ho kjennskap til den afroamerikanske munnlege forteljartradisjonen.
I 1949 byrja ho å studere engelsk litteratur ved Howard University i Washington (D.C.), eit «svart» universitet. Ho blei Bachelor of Arts i engelsk i 1953 og Master of Arts ved Cornell University i 1955. Frå 1955 til 1957 underviste ho i engelsk litteratur ved ved Texas Southern University i Houston, og vendte i 1957 attende til Howard University, no som dosent. Året etter gifta ho seg med den jamaicanske arkitekten Howard Morrison som ho fekk to søner med. Etter at dei vart skilde i 1964, flytta ho til Syracuse i New York, der ho arbeidde som lærebokredaktør. Eit og eit halv år seinare fekk ho jobb som redaktør ved Random House sitt hovudkvarter i New York City. I løpet av dei seksten åra ho var her (frå 1967 til 1983) spelte ho ei viktig rolle i etableringa av afroamerikansk litteratur, og gav blant anna ut bøker av Toni Cade Bambara, Angela Davis og Gayl Jones.
Debutboka til Toni Morrison, The Bluest Eye, kom i 1970. Både dette verket og Sula (1974) fekk god kritikk, men det var først med Song of Solomon (1977) ho opplevde den store publikumssuksessen.
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- The Bluest Eye (1970, omsett til norsk som De blåeste øyne 1994)
- Sula (1973, Sula 1995)
- Song of Solomon (1977, Sangen om Salomon 1979)
- Tar Baby (1981, Dukke i bek 1981)
- Beloved (1987, Elskede 1988)
- Jazz (1992, Jazz 1992)
- Playing in the Dark (1993) (artiklar om litteratur, ikkje omsett til norsk; svensk utgåve Mörkt spel)
- Paradise (1998, Paradis, 1998)
- Love (2003, Kjærlighet, 2004)
- A Mercy (2008, En nåde, 2009)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «who in novels characterized by visionary force and poetic import, gives life to an essential aspect of American reality».
- ↑ Nobelprisen 1993
- Denne artikkelen bygger på «Toni Morrison» frå Wikipedia på tysk, den 25. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Claudia Brodsky Lacour, Elissa Schappell, Toni Morrison, The Art of Fiction No. 134, 1993, The Paris Review
- Toni Morrison's oral history video excerpts at The National Visionary Leadership Project
- Biografi på Literary Encyclopedia
- https://www.nobelprize.org/prizes/literature/1993/morrison/facts/ Fakta om Morrizon] ved nobelprize.org