Sørlandsk er de norske dialektene langs kysten av Agder. Nemninga sørlandsk har opp gjennom åra blitt brukt noko forskjellig. Eldre dialektforskarar, til dømes Hans Ross og Sigurd Kolsrud, brukte ikkje «sørlandsk», men snakka helst om egdske mål. I nyare litteratur blir sørlandske dialekter rekna inn under det som blir kalla sørlege e -mål. På Agder strekker dette sørlege e-målet seg frå Risør i aust til Lindesnes i vest. I gamle Aust-Agder breier e-målet langt inn i landet til og med Øvre Setesdal.
Det er svært stor skilnad på dialektene langs kysten av Agder og dei ein finn i indre bygder, og særleg i Setesdal.
- Les meir i artikkelen dialekter på Agder.
Kystmåla i gamle Aust- og Vest-Agder (sørlandsk) har mange felles drag og liknar mykje på kvarandre. Kystfolket har opp gjennom tida hatt mykje kontakt seg imellom, både i austleg og vestleg retning. I tillegg har kystbuarane hatt samband med folk frå andre landsdelar og frå utlandet. Eit resultat av dette er at dialektene mellom Arendal og Lista har mykje felles med måla på andre sida av Skagerrak, i Danmark. Det gjeld både dei «blaude» konsonantane og også andre særdrag i lydverket og bøyingsverket.
Mykje kontakt har det også vore med Holland og England. Spesiell viktig er den perioden som er kalla «hollendartida» på Sørlandet frå 1550 til 1750. I denne perioden var det ein svært omfattande handel mellom dei hollandske kjøpmennene og bøndene og byborgarane på Agder-kysten. Unge menn på Agder tok seg arbeid på hollandske skip, og jentene reiste til Holland og arbeidde som hushjelper. Sørlandskysten var på slutten av 1500-talet og vidare framover til langt utpå 1800-talet eit slags Klondyke, der ein kunne høyra mange dialektar og tungemål.
Når dialektar og språk møtest, slik det var tilfellet på egdekysten, vil språket utvikle seg. Det oppstår då gjerne forenklingar i språksystemet, noko ein ser på kysten av Agder. Sørlandske dialekter blir ofte karakteriserte som «moderne dialekter». I dette ligg det at desse talemåla har utvikla seg langt vekk frå det gammalnorske språksystemet fram til eit enklare bøyingssystem i til dømes substantiv, verb og pronomen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.