Faktaboks

Sigurd Kolsrud
Fødd
31. oktober 1888, Østre Toten
Død
10. desember 1957, Oslo
Sigurd Kolsrud
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC0 1.0

Sigurd Kolsrud var ein norsk språkforskar, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1923.

Studia hans gjaldt dels moderne norske dialektar, særleg dei indre austlandsmålføra og tilgrensande svenske, dels utviklinga i norsk språkhistorie 1400–1600.

Kolsrud ga ut mellom anna Maal og maalgransking (1922), Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–77 (1929), Norsk ljodskrift (1950), Nynorsken i sine målføre (1951)

Han var styrar av Norsk målførearkiv frå 1936.

Han var bror av Nils Oluf Kolsrud.

Litteratur

  • Venås, Kjell: Sigurd Kolsrud, 2005, isbn 82-7099-421-9

Faktaboks

Sigurd Kolsrud
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392129420