Kusjittiske språk
Utsjånad
Kusjittiske språk | ||
Klassifisering | afroasiatiske språk | |
Bruk | ||
Område | Afrikas Horn | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | cus |
Dei kusjittiske språka utgjer ei grein av dei afroasiatiske språka og blir snakka på Afrikas horn. Dei mest kjende kusjittiske språka er oromo (med 26 mill. talarar[1]) og somali (med 16 mill. talarar[2]).
Språkfamilien har fått namn etter den bibelske figuren Kusj etter modell frå semittiske språk.
Inndeling
[endre | endre wikiteksten]Dei kusjittiske språka kan grupperast på denne måten:
- Sentralkusjittisk
- Austkusjittisk (34 språk)
- Nordkusjittisk
- Sørkusjittisk
Tradisjonelt rekna ein også omotiske språk som kusjittiske, men desse er gruppert som ein eigen familie i nyare språkforsking.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ethnologue om Oromo http://www.ethnologue.com/language/gaz
- ↑ Ethnologue om Somali http://www.ethnologue.com/language/som