Hopp til innhald

Indiapirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indiapirol
Indiapirolhann
Indiapirolhann
Indiapirolhoe
Indiapirolhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Indiapirol
Utbreiinga av Indiapirol
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Pirolfamilien Oriolidae
Slekt: Pirolar Oriolus
Art: Indiapirol O. kundoo
Vitskapleg namn
Oriolus kundoo

Indiapirol (Oriolus kundoo) er ein mellomstor sporvefugl og ein medlem av pirolfamilien som hekkar i Sentral-Asia og Nord-India og overvintrar i India.

Det er lite som skil indiapirol frå arten pirol i Europa og Afrika med omsyn på utsjånad. Dei har begge den gylne gulfarga som er representert hos nær halvparten av dei 29 artane i gruppa Oriolus. Indiapirol har eit lengere mørkt augestrek der pirol berre har ein svart tygel. Kroppslengda er ca. 24–25 centimeter. Hannfuglar har elles kraftig gul fjørdrakt med svarte venger og svart stjert. Hoa er ein langt mindre fargerik fugl med grøn overside, gråleg underside som har mørke strek i lengderetninga. Ungfuglar liknar hoer, men er generelt meir fargelause.

Utbreiingsområdet for hekking strekker seg frå sørlege Kasakhstan og Usbekistan gjennom sentrale Afghanistan til nordlege Pakistan nordlege India og vestlege Nepal. Overvintring skjer i India og på nordlege Sri Lanka. Vanlegvis lever dei under 1800 moh. men kan gå opp til 4400 moh. i Himalaya.

Indiapirolar er knytt til mange variantar av skog, krattskog, parkar, hagar, frukthagar og plantasjar med t.d. mango. Dei beiter einslege, parvis, små grupper eller i fleirartsflokkar på frukt som mango og fiken, nektar og eit breitt utval av virvellause dyr. Lætet er melodiøst som hos pirol, men enda meir komplekst.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men trudd å vere bærekraftig trass i at han er minkande. Derfor blir status for arten vurdert som livskraftig (LC) av IUCN.[1]

Referansar
  1. BirdLife International (2021) Species factsheet: Oriolus kundoo. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. mars 2021

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Indiapirol