Hopp til innhald

Nord-India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-India
region
Land  India
Areal 1,624 km²
Folketal 504 196 432 (2001)
Kart
Nord-India
31°03′22″N 76°35′28″E / 31.056227°N 76.591061°E / 31.056227; 76.591061
Kart som viser Nord-India.
Kart som viser Nord-India.
Kart som viser Nord-India.
Wikimedia Commons: North India

Nord-India er ein laust definert region som omfattar nordlege delar av India. Regionen er prega av Det nordindiske låglandet og Himalayafjella, som skil region frå Tibetplatået and Sentral-Asia. Nord-India har historisk vore sentrum for Mogulriket, Delhi-sultanatet og Britisk India. Den indiske hovudstaden Delhi ligg framleis i Nord-India.

Dei indiske delstatane Haryana, Himachal Pradesh, Jammu og Kashmir, Panjab, Rajasthan, Uttar Pradesh og Uttarakhand og unionsterritoria Delhi og Chandigarh[1][2] kan reknast med til Nord-India. Tidvis kan ein også rekna med Bihar, Gujarat, Madhya Pradesh og Vest-Bengal.

Språk med offisiell status i eit eller fleire av desse områda er hindi, urdu, panjabi og engelsk.[3]

  1. «Genesis | ISCS». Henta 14. desember 2019. 
  2. http://interstatecouncil.nic.in/iscs/wp-content/uploads/2016/08/states_reorganisation_act.pdf
  3. «Report of the Commissioner for linguistic minorities: 50th report (July 2012 to June 2013)» (PDF). Commissioner for Linguistic Minorities, Ministry of Minority Affairs, Government of India. Arkivert frå originalen (PDF) 8. juli 2016. Henta 21. oktober 2015.