Animisme
Utsjånad
Animisme (av latinsk anima, som tyder sjel) viser til ei religiøs oppfatning om at alle ting i naturen, både levande og ikkje levande har eller kan ha ei sjel. Tru på at det finst ei ånd i kvart tre eller i ein innsjø (til dømes nøkken) er døme på animisme.
Omgrepet blir også brukt som eit samleomgrep for sokalla «primitive», «innfødte» eller «stamme»-religionar.[1]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]I Oxford English Dictionary (OED) blir opphavet til termen tilskrive Stahl som i 1720 skreiv om anima mundi, men sjølve ordet vart ikkje teke i bruk før på 1800-talet. I følgje OED i 1832.[2]
I sosialantropologi vart termen teken i bruk av den britiske antropologen Edward Burnett Tylor som tok det i bruk i boka Primitive Culture.[2][1]
Animisme er nært i slekt med panteisme.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Bowie, Fiona (2006), The anthropology of religion: An Introduction. 2. utgåve. Oxford: Blackwell. ISBN 978-1-4051-2105-7 eller ISBN 978-1-4051-2104-0.
- ↑ 2,0 2,1 «animism» The Oxford English Dictionary, 2. utgåve, 1989, OED Online, Oxford University Press, 16.05.2007