Amin Maalouf
Amin Maalouf | |
Statsborgarskap | Libanon, Frankrike |
Fødd | 25. februar 1949 (75 år) Beirut |
Yrke | journalist, skribent, librettist, science fiction-forfattar, forfattar, romanforfattar |
Språk | arabisk |
Medlem av | Académie française, Q130758335 |
Far | Rushdi Maalouf |
Mor | Odette Maalouf |
Ektefelle | Andrée Maalouf |
Amin Maalouf på Commons |
Amin Maalouf[1] (fødd 25. februar 1949) er ein fransk-libanesisk forfattar og journalist. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Goncourt-prisen for romanen Le Rocher de Tanios (norsk Tanios-klippen) i 1993. I 2011 blei han vald til medlem av Académie française.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Maalouf blei fødd i ein kristen arabisk familie som det andre av fire barn. Foreldra hans stamma frå fjellandsbyen Ain el Kabou, men blei gifte i Kairo. Maalouf budde mesteparten av barndommen i Beirut
Maalouf gjekk på ein franskspråkleg jesuittskule, og studerte sosiologi ved Université Saint-Joseph i Beirut. Han arbeidde for avisa an-Nahar i Beirut frem til utbrotet av den libanesiske borgarkrigen i 1975, då han flykta til Frankrike. Kona hans og dei tre barna deira følgde kort tid etter, og dei slo seg ned i Paris. Maalouf fann arbeid som journalist og blei etterkvart redaktør for magasinet Jeune Afrique.
I 1981 fekk han ein forfattarkontrakt for si første bok, essayet Les Croisades vues par les Arabes (Korstogene sett fra arabernes side). Han fekk litterær suksess med romanen Léon l'Africain (1986, norsk Leo Afrikaneren), og skreiv etter dete meir skjønnlitteratur. Samarcande handla om den persiske diktaren Omar Khayyam medan Les Jardins de lumière tok for seg profeten Mani. Le Rocher de Tanios kom ut i 1993 og tok for seg soger og historie frå barndomstraktene i Libanon. I Les Échelles du Levant nemnd han for første gong borgarkrigen i heimlandet.
Med Les Identités meurtrières ( Identitet som dreper) frå 1998 vende han tilbake til essayforma. Her tok han opp problem knytte til identitet i konflikt mellom ulike kulturar i samband med modernitet og globalisering. Liknande tema tok han også opp i Origines frå 2004, som følgde det omskiftelege livet til farfaren hans i Levanten.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Goncourt-prisen 1993 for Le Rocher de Tanios
- International IMPAC Dublin Literary Award 2004
- Fyrsten av Asturias sin pris for litteratur 2010[2]
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste bøkene til Maalouf er omsett til norsk og utgjevne av Pax forlag. Årstalet viser til den franske utgåven.
- Romaner
- Leo Afrikaneren (Léon l'Africain, 1986) – om den reisande Leo Africanus
- Samarkand (Samarcande 1988) – om Omar Khayyam og manuset til Rubayyat
- Lysets hager (Les Jardins de lumière 1991) – om religionsstiftaren Mani
- Det første århundre etter Beatrice (Le Premier Siècle après Béatrice 1992)
- Tanios-klippen (Le Rocher de Tanios, 1993)
- Havnene i Levanten (Les Échelles du Levant 1996)
- Baldassares rundreise (Le Périple de Baldassare, 2000)
- Sakprosa
- Korstogene sett fra arabernes side (Les croisades vues par les Arabes, 1983)
- Identitet som dreper (Les Identités meurtrières 1998)
- Bidrag i Til Rushdie : arabiske og muslimske intellektuelle for ytringsfrihet. Cappelen, 1994
- Origines (2004)
- Verden i ubalanse: Når våre sivilisasjoner brytes ned (Le Dérèglement du monde : Quand nos civilisations s’épuisent, 2009). Essay.
- Librettoar
- L’Amour de loin (2001), musikk Kaija Saariaho, skriven rundt 2000 til Salzburg-festivalen
- Adriana Mater (2004), musikk Kaija Saariaho
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ arabisk أمين معلوف
- ↑ Amin Maalouf, Premio Príncipe de Asturias de las Letras Arkivert 2010-06-13 ved Wayback Machine., Fundación Príncipe de Asturias, besøkt 9. juni 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Amin Maalouf» frå Wikipedia på fransk, og «Amin Maalouf» frå Wikipedia på bokmål den 25. februar 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Amin Maalouf sin blogg Arkivert 2017-10-05 ved Wayback Machine.
- Morten Haugen: Om forfatteren Amin Maalouf, fransk-libanesisk kulturell grenselos[daud lenkje] artikkel frå 1996