2010
Utsjånad
2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
2010 (MMX med romartal) var eit år utan skotdag som byrja på ein fredag.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Jubilé
[endre | endre wikiteksten]- 400 år sidan Jupitermånane Io, Europa, Ganymede og Callisto vart oppdaga av Galileo Galilei.
- 200 år sidan Grito dei Dolores som førte til at Mexico starta sjølvstendekrigen.
- 200 år sidan Ole Bull vart fødd 5. februar 1810
- 200 år sidan Peter Andreas Munch vart fødd 15. desember 1810
- 100 år sidan Den internasjonale kvinnedagen blei innstifta etter initiativ frå Clara Zetkin (8. mars)
- 100 år sidan Norsk Presseforbund og Mediebedriftenes Landsforening vart etablert (dato ukjent)
- 100 år sidan Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim opna (15. september)
- 100 år sidan Trondhjems Studentersangforening i Trondheim vart stifta (18. oktober)
- 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde (26. april)
- 50 år sidan SI-systemet vart utforma
- 50 år sidan Jacques Piccard og Don Walsh i USS Trieste som dei første menneska nådde botnen av Challenger-djupet i Marianegropa i Stillehavet (23. januar)
- 50 år sidan NRK starta sendingane sine på norsk fjernsyn
- 30 år sidan Finnmarksløpet vart arrangert for første gongen.
- 20 år sidan Hubble Space Telescope vart skote opp (24. april)
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar: Spania tok over formannskapet i Rådet for Den europeiske unionen.
- Ein sjøvlmordsbombar drap minst 95 personar og skadar over 100 under ein volleyballkamp i nordvestre Pakistan.
- Den danske karikaturteiknaren Kurt Westergaard blei utsett for eit drapsforsøk i heimen sin.
- Minst 75 menneske døydde som følgje av jordskred og flaum i den brasilianske delstaten Rio de Janeiro. Flaumen førte òg til at landet sitt einaste atomkraftverk måtte stengast.
- 4. januar: Det 828 meter høge Burj Khalifa blei opna.
- 5. januar: Den islandske president Olafur Ragnar Grimsson nekta å skrive under på ein lov om tilbakebetaling av gjeld til England og Nederland, men kravde folkerøysting om loven.
- 6. januar: Ein sjølvmordsbombar drap seks politimenn ved byen Makhatsjkala i Dagestan i Russland.
- Labour-politikarane Patricia Hewitt og Geoff Hoon prøvde å samle nok stemmar i det britiske parlamentet til å avsetje statsminister Gordon Brown.
- 7. januar: Sju rakettar blei avfyrt mot Israel frå Gaza. Israelske kampfly bomba tre mål i Gaza.
- Ein 51 år gammal mann skaut mot personalet med ein AK-47 på eit ABB-kontor i den amerikanske byen St. Louis. Sju personar blei treft av skota, tre av dei døydde. Gjerningsmannen tok deretter sitt eige liv.
- 8. januar: Spelarbussen til Togo sitt herrelandslag i fotball blei skoten på med maskingevær då dei kom til Angola for å spela i Afrikameisterskapen. Bussjåføren og to personar i laget sitt støtteapparat blei drepne, medan fleire blei alvorleg skadt. Separatistrørsla Kampen for fridom for Kabinda-enklaven skal ha stått bak angrepet.
- 10. januar: Kroatia heldt andre valomgang i presidentvalet. Ivo Josipović blei vald til ny president med 60,3% av stemmane.
- 11. januar: Chile blei det første søramerikanske landet i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).
- 12. januar: Eit jordskjelv på Haiti mælte 7.0 på Richters skala, og gjorde store skadar i hovudstaden.
- Heineken overtok FEMSA Cerveza.
- 14. januar: Ein sjølmordsbombar tok livet av minst 20 personar i byen Dihrawud i Afghanistan.
- Tre bomber eksploderte i byen Najaf i Irak og drap minst 25.
- Dommedagsklokka blei stilt eitt minutt tilbake.
- 15. januar: Ringsolformørking, den lengstvarande slike på heile 2000-talet, kunne sjåast i Afrika og Asia.
- 17. januar: Chile heldt andre valomgang i presidentvalet. Den konservative Sebastián Piñera vinn, med 51,6% av stemmane.
- Ukraina heldt første valomgang i presidentvalet. Viktor Janukovytsj og Julija Tymosjenko gjekk vidare til andre valomgang.
- Kampar mellom kristne og muslimar i den nigerianske byen Jo sin byrjar. Fleire hundre blir drepe i løpet av dei neste dagane.
- 19. januar: Republikanske Scott Brown vann eit senatorsete i suppleringsvalet i Massachusetts.
- Japan Airlines (JAL) blei slått konkurs.
- 23. januar: Seks TV-kanalar i Venezuela vart stengde fordi dei ikkje viste talane til president Hugo Chavez. Å gjera dette hadde vore lovfesta sidan desember 2009.
- 25. januar: Ali Hassan al-Majid blei avretta i Irak.
- Ethiopian Airlines Flight 409 styrta i Libanon.
- 26. januar: Sri Lanka heldt presidentval. Mahinda Rajapaksa blei gjenvald.
- 27. januar: Apple offentleggjorde notatblokk-PCen iPad.
- 31. januar: Statoil og LUKoil skreiv kontrakt for 20 år for West Qurna 2-feltet i Irak.
- 16 personar vart massakrerte under ein ungdomsfest i den meksikanske byen Juárez. Dei vart drepne av ein narkotikabande som trudde festdeltakarane var gjengmedlemmer.
- 12.–28. februar: Vinter-OL 2010, dei 21. olympiske vinterleikane, blei skipa til i Vancouver i Canada.
- 12.–21. mars: Vinter-paralympics 2010 i Vancouver i Canada.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1. januar:Åsgårdstrand, Moelv og Brumunddal fekk bystatus.
- Båtførarprøven blei obligatorisk for førarar av store fritidsbåtar.
- Synleg oppstilling av tobakksvarer blei forbode i Noreg.
- Inkassosatsene i Noreg blei redusert.
- Den nye utlendingsloven kom i kraft i Noreg.
- Forskriften om kommunal beredskapsplikt kom i kraft.
- Ansvarsgrensene i sjøloven for erstatningskrav ved opprydding etter sjøulykker blei heva.
- P5, P4 sine nye lokalradiokanalar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, starta sendingane sine.
- 4. januar: NRK Super lanserte eigne nyheitssendingar for born, Supernytt.
- 6. januar: Ny kulderekord for Buskerud med –38,9 °C på Dagali flyplass.
- 15. januar: Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité heldt ei open høyring om dei store problema med NAV-reforma.
- For å få ned luftforureininga i Bergen blei det innført restriksjonar på biltrafikken inn til sentrum.
- 16. januar: Noreg toppa som året før SN si liste over menneskeleg utvikling, HDI.
- 26. januar: Hønefoss kyrkje brann ned.
- 18.–24. januar: Tromsø Internasjonale Filmfestival i Tromsø.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 2010.
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 2010.
- 27. januar: J.D. Salinger, USA-amerikansk forfattar
- Howard Zinn, USA-amerikansk historikar
- 11. februar: Alexander McQueen, britisk moteskapar
- 25. mars: Pål Bang-Hansen, norsk filmjournalist
- 21. april: Gustav Lorentzen, «Ludvigsen» i duoen Knutsen og Ludvigsen.
- 10. april: Lech Kaczyński, president i Polen
- 9. mai: Lena Horne, USA-amerikansk songar
- 5. juni: Arne Nordheim, norsk komponist
- 18. juni: José Saramago, portugisisk forfattar
- 8. juli: Anders Bratholm, norsk jurist
- 9. juli: Basil Davidson, britisk historikar
- 5. september: Ludvig Eikaas, norsk målar
- 5. oktober: Jack Berntsen, norsk musikant
- 12. oktober: Tikken Manus, norsk motstandskvinne
- 27. oktober: Nestor Kirchner, argentinsk president
<< 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 | 2026 | 2027 | 2028 | 2029 | 2030 | 2031 | 2032 | 2033 | 2034 | 2035 | 2036 | 2037 | 2038 | 2039 | 2040 | 2041 | 2042 | 2043 | 2044 | 2045 | 2046 | 2047 | 2048 | 2049 | 2050 | 2051 | 2052 | 2053 | 2054 | 2055 | 2056 | 2057 | 2058 | 2059 | 2060 | 2061 | 2062 | 2063 | 2064 | 2065 | 2066 | 2067 | 2068 | 2069 | 2070 | 2071 | 2072 | 2073 | 2074 | 2075 | 2076 | 2077 | 2078 | 2079 | 2080 | 2081 | 2082 | 2083 | 2084 | 2085 | 2086 | 2087 | 2088 | 2089 | 2090 | 2091 | 2092 | 2093 | 2094 | 2095 | 2096 | 2097 | 2098 | 2099 >>