Jacques Piccard
Utsjånad
Jacques Piccard | |||
| |||
Fødd | 28. juli 1922 Brussel | ||
---|---|---|---|
Død | 1. november 2008 La Tour-de-Peilz | ||
Nasjonalitet | Sveits | ||
Område | oseanografi | ||
Yrke | oppfinnar, ingeniør, oppdagar, oseanograf | ||
Alma mater | Universitetet i Basel Université de Genève | ||
Barn | Bertrand Piccard |
Jacques Ernest Jean Piccard (fødd 28. juli 1922 i Brussel i Belgia, død 1. november 2008 i La Tour-de-Peilz i Sveits) var ein sveitsisk oseanograf, djuphavsforskar, oppdagar og ingeniør. Han er kjent for å ha utvikla undervassfartøy som vart nytta for å utforske havstraumane.
Han var ein av to personar som så langt (2011) har vore på det djupaste punktet i havet, 10 916 meter nede i Challengerdjupet i Marianergropa. Saman med den amerikanske løytnanten Don Walsh, tok han seg dit den 23. januar 1960 i undervassfartøyet USS «Trieste». Bragda vart på denne tida rekna som eit ledd i det teknologiske kappløpet mellom supermaktene USA og Sovjetunionen.[1]
Han var son av forskaren Auguste Piccard og far til psykiater Bertrand Piccard.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Jacques Piccard og Robert S. Dietz: Seven Miles Down, Putnam, 1961
- Jacques Piccard: The Sun Beneath the Sea, Scribner, 1971. ISBN 0684311011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jacques Piccard» frå Wikipedia på bokmål, den 7. september 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ VG - STORMAKTSKAPPLØP om havdypet (09.02.1960 - Side: 7) «Det ser altså ut til at stormaktenes kappløp om å erobre verdensrommet skal få sin parallell i kappløpet om erobringen av de store havdyp.»