Hopp til innhald

Chongqing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Chóngqìng
重庆
by
Utsyn over Chongqing.
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Zhongnan
Høgd 435 m
Areal 82 403 km²
Folketal 32 054 159 (2020)[1]
Grunnlagd 316 f.Kr.
Tidssone UTC +8
Postnummer 4000 00–4099 00
Retningsnummer 23
Kart
Chongqing
29°33′00″N 106°30′25″E / 29.55°N 106.50694444444°E / 29.55; 106.50694444444
Wikimedia Commons: Chongqing

Chongqing (forenkla kinesisk 重庆, tradisjonell kinesisk 重慶, pinyin Chóngqìng, Wade–Giles Ch'úng-ch'ìng) er ein byprovins og ein av dei største byane i Folkerepublikken Kina. Lik Beijing, Shanghai og Tianjin er han direkte underlagt landsstyresmaktene. Inntil 1997 vart Chongqing del av provinsen Sichuan.

Historie

Frå november 1937 til mai 1946 var Chongqing midlertidig hovudstad i Republikken Kina. Chongqing vart skilt ut frå Sichuan i 1997, og vart då direkte underlagt landsstyresmaktene.

Geografi

Provinsen Chongqing grensar til Sichuan i vest, Shaanxi i nord, Hunan og Hubei i aust og Guizhou og Yunnan i sør. Han omfattar store delar av det viktige jordbruksområdet Sichuanbassenget, som Chang Jiang renn gjennom. Grunna mykje tåke om hausten har byen fått tilnamnet Tåkehovudstaden.

Innbyggjarar

Heile provinsen hadde over 31 millionar innbyggjarar i 2007, men sjølve byen Chongqing hadde 6 609 000 i år 2000. Av provinsinnbyggjarane er 94 % han-kinesarar. 1, 75 millionar høyrer til minoritetsfolk. Dei største av minoritetstgruppene i Chongqing er tujiaar (1,13 mill.) og miaoar (ca. 520 000).

Næringsliv

Byen har eiga hamn ved Chang Jiang, og det er mykje industri og handel i byen. Dei største industrigreinene består av bil- og motorsykkelfabrikkar, båtbyggjerier, kjemisk og petrokjemisk industri, naturgassutvinning, medisinproduksjon, og avansert jern- og stålproduksjon.

På Sichuanbassenget dyrkar ein svært mykje korn, og ris særleg langs elvane. Ein dyrkar òg appelsinar, mandarinar, tobakk og silkeormkokongar (det siste for silkeproduksjon).

Kommunikasjon

Kommunikasjonen frå Chongqing er god. Det går fleire jarnbanar frå byen, og vegnettverket er godt utbygt. Ein kan fly til alle større byar i Kina frå Chongqing, og elvetransport er mogleg i 400 mil.

Kultur og utdanning

I Chongqing finst eit universitet frå 1929, ymse høgskular, bibliotek og museum.

I Chongqing sitt Dazu-distrikt finst ei rekkje grotter med steinskulpturar frå 800–1200-talet som står på UNESCO si verdsarvliste.

Styresmakter

Leiaren for Chongqing sitt lag i Kinas kommunistparti er Chen Min'er, og borgarmeisteren er Tang Liangzhi (2019).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Chongqing