Hopp til innhald

Henan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hénán
河南
provins
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 167 000 km²
Folketal 94 130 000 (2013)[1]
Kart
Henan
33°54′N 113°30′E / 33.9°N 113.5°E / 33.9; 113.5
Henan i Kina.
Henan i Kina.
Henan i Kina.
Wikimedia Commons: Henan

Henan (forenkla kinesisk 河南, pinyin Hénán) er ein provins aust i midtdelen av Folkerepublikken Kina. Henan grensar mot provinsane Hebei i nord, Shandong i nordaust, Anhui i søraust, Hubei i sør, Shaanxi i vest, og Shanxi i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 167 000 km². Henan var lenge Kinas mest folkerike provins. Grunna stor innvandring har Guangdong i dag det høgste tal innbyggarar av dei kinesiske provinsane. Zhengzhou er provinshovudstad i Henan.

Henan vert sett som den kinesiske sivilisasjonen si vogge. Områda rundt Huang He i det nordlege Henan var det kulturelle kjerneområdet i Kina i halvparten av landets historie. Nitten dynasti har hatt sine hovudstader her; i Zhengzhou, i Yin ved Anyang, i Luoyang og i Kaifeng. Dette er heimtraktene til personlegdomar som Laozi, Zhuangzi, Han Feizi, Lü Buwei, Shang Yang, Li Si, Yue Fei, Du Fu og Bai Juyi. Med jursjen- og mongolinvasjonene mista Henan sin leiande posisjon. Maktsentrum i riket var då flytta nordover i landet. Innbyggarane oppfattar seg som etterkomarar av Den gule keisaren.

Namnet Henan betyr 'sør for elva',[2] og viser til at store delar av området ligg sør for Huang He.

Landskapet i Henan er variert med elvesletter i aust og fjell i vest. Mykje av provinsen er del av den tettfolka nordkinesiske sletta, eit område kjent som Kina sitt kornkammer. Delar av Taihang Shan går inn i Henan i nordvest, og dannar den austlege randa av løssplatået. I vest dannar fjella Xionger og Funiu eit utbreidd nett av fjellkjeder og platå. Der finst ein av få gjenverande tempererte lauvskogar, som ein gong dekte heile Henan. Fjellet Song Shan, med det kjende Shaolin-klosteret, ligg langt aust i provinsen, nær hovudstaden Zhengzhou. Heilt i sør skil fjellrekka 'Dabie Shan' Hubei frå Henan. Nedslagsfeltet kring Nanyang, skilt frå den nordkinesiske sletta av desse fjella, er eit tettfolka landbruksområde med ein kultur og ei historie ulik resten av Henan, meir lik Hubei. Til skilnad frå resten av det nordlege Kina er ikkje forørkning eit problem i Henan, trass i at sandstormar er vanleg i byar nær Huang He. Sanden kjem då frå store sandbankar i og langs elva.

Huang He renn midt gjennom Henan i ei strekning på 700 km. Ho kjem frå nordvest, via Sanmenxiareservoaret. Etter ho passerer Luoyang, renn ho frå fjella og ut på eit sletteland. Overveldande mengder av silt frå løssplatået er ført utover, og heva elveleiet slik at elva ofte fløymde over, noko som i sin tur har skapt området sitt habitat. I dei seinare år har det vorte bygt dammar og dike, samstundes som tapping av vassressursane har stoppa flaumane. Huai He i det sørlege Henan er ei anna stor elv. Ho vert rekna som del av grenseskiljet mellom så vel nordleg og sørleg kinesisk klima, som kultur. Om lag ein firedel av provinsen ligg nord om Huang He.

Henan har eit temperert klima som er fuktig subtropisk sør for Huang He, medan det grensar mot fuktig kontinentalt i nord. Årstidene i provinsen skil seg klart ut frå kvarandre. Grunna den austasiatiske monsunen er det heite, fuktige somrar. Vintrane er vanlegvis kjølige til kalde, samt vindfulle og tørre, tilhøve skapt av den veldige sibirske antisyklonen. Middeltemperaturane ligg rundt frysepunktet i januar, og på 27 til 28 °C i juli. Ein stor del av den årlege nedbøren kjem i sommarmånadene.

Arkeologar har funne spor etter ei rad førhistoriske kulturar i det nordlege Henan. Dei er kjende som Yangshaokulturen, Longshankulturen og Erlitoukulturen. Det er kontroversielt om Erlitou-kulturen kan knytast til det første kinesiske dynastiet, Xia, som vart skipa på 2000-talet fvt. eller deromkring. Så godt som heile kongedømet låg innanfor dei nordlege og sentrale delane av dagens Henan. Xia-dynastiet braut saman kring 1700-talet fvt. som følge av invasjonen til nabostaten Shang som låg rundt det som i dag er Shangqiu i det austlege Henan. Det første dynastiet som utvikla eit skriftspråk var Shang-dynastiet (1700-1200-talet fvt.). Dei mange hovudstadane ligg på staden til dei notidige byane Shangqiu, Yanshi og Zhengzhou. Den siste hovudstaden, også den viktigaste, var Yin som ligg innanfor dagens Anyang der det første kinesiske skriftspråket vart utvikla. Etter Shang-dynastiet i Henan finst framom alt restar av nokre bymurar i Zhenyang, og etterkvart veldige funn av gjenstandar frå arkeologiske utgravingar, i sær ved Anyang. Her finn ein mellom anna dei tidlegaste bevarte døma på kinesisk skrift, dei såkalla orakelbeina.

På 1200-talet fvt. kom Zhou-dynastiet vestfrå, og kjempa ned Shang-dynastiet. Hovudstaden vart flytta til Chang'an, og det politiske og økonomiske sentrumet vart flytta vekk frå Henan for første gong. I 722 fvt., då Chang'an vart øydelagd av invasjonane til xionittar, vart hovudstaden flytta tilbake til Luoyang.

Dette markerer byrjinga på Vår- og haustannaltida, ei tid med krigføring og rivalisering. Heile Kina var delt opp i små, sjølvstendige statar som stadig kjempa om kontroll over den sentrale sletta. Sjølv om Zhou-kongen i Luoyang formelt var rekna som herskaren av Kina, hadde han nesten ingen føydal kontroll over kongedøma. Trass i den lange perioden med ustabilitet verka viktige tenkjarar som Konfutse i denne tida, og la fram idear om korleis statar skulle styrast. Laozi, grunnleggjaren av taoismen, vart fødd i nordlege Chu, ein del av dagens Henan.

Keisartida

[endre | endre wikiteksten]

Kaifeng fungerte som jursjenarane sin sørlege hovudstad frå 1157 (eller 1161).[3][4] Hoffet vart nøydd til å flytte dit frå den nordlege hovudstaden i 1214, grunna åtak frå mongolarane. Langt seinare vart Henan kjerneområde for endå eit dynasti, det store Song-dynastiet. Føre dette kom området inn i ei nedgangstid på 1100-talet. Grunna invasjonar frå nord flytta dei styrande frå hovudstaden Kaifeng og sørover. Området vart erobra frå Song-dynastiet.

Moderne tid

[endre | endre wikiteksten]

I 1954 vart provinshovudstaden flytta frå Kaifeng til Zhengzhou, av di byen var blitt økonomisk viktig.

Sommaren 1950 flauma Huai-elva over, og det vart seinare bygd store demningar. I august 1975 kollapsa 62 demninger i samband med taifunen Nina. Dette er rekna som den døydelegaste demningsulukka i historia. Talet på døde som følgje av flaumen og den påfølgjdane hungersnauda og epidemiane varierar frå 85 600, 171 000 til 230 000.[5]

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

98,8 % av folket i Henan er han-kinesarar. Provinsen har den største delen av muslimske Huifolk i det austlege Kina, om lag 1% av det samla folketalet. Desse lever i muslimske enklavar i distrikta Guancheng i Zhengzhou, Chanhe i Luoyang og Shunhe i Kaifeng. Små grupper av mongolar og mandsjuar finst spreidd i samfunn på landsbygda og i større byar. Kaifeng er kjent for dei historiske, jødiske samfunna. Etter hundreår med integrasjon er få av dei merksame på bakgrunnen sin. Jødar er heller ikkje anerkjend som etnisk minoritet av det offentlege Kina.

Saman med Jiangxi har Henan, av provinsane i Kina, det største skiljet mellom talet på menn og kvinner. Med bakgrunn i den kinesiske eittbarnspolitikken, registrerte folketeljinga år 2000 at det fanst 118,46 av hankjønn for kvar 100 av hokjønn i Henan. Som ei fylgje av funna, vart det i Henan forbode å abortere jentefoster, store bøter vert utfallet for dei som bryt lovforbodet. I tillegg får familiar med berre ei dotter, ei årleg utbetaling frå styresmaktene.[1]

Administrasjonseiningar

[endre | endre wikiteksten]

Henan er delt opp i 17 byprefektur og ein by på subprefekturnivå som vert direkte-administrert.

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
Byprefektur
1 Zhengzhou 郑州市 Zhèngzhōu Shì Zhongyuan distrikt
2 Anyang 安阳市 Ānyáng Shì Beiguan distrikt
3 Hebi 鹤壁市 Hèbì Shì Qibin distrikt
4 Jiaozuo 焦作市 Jiāozuò Shì Jiefang kistrikt
5 Kaifeng 开封市 Kāifēng Shì Gulou distrikt
6 Luohe 漯河市 Luòhé Shì Yancheng distrikt
7 Luoyang 洛阳市 Luòyáng Shì Xigong distrikt
8 Nanyang 南阳市 Nányáng Shì Wolong distrikt
9 Pingdingshan 平顶山市 Píngdǐngshān Shì Xinhua distrikt
10 Puyang 濮阳市 Púyáng Shì Hualong distrikt
11 Sanmenxia 三门峡市 Sānménxiá Shì Hubin distrikt
12 Shangqiu 商丘市 Shāngqiū Shì Liangyuan distrikt
13 Xinxiang 新乡市 Xīnxiāng Shì Weibin distrikt
14 Xinyang 信阳市 Xìnyáng Shì Shihe distrikt
15 Xuchang 许昌市 Xǔchāng Shì Weidu distrikt
16 Zhoukou 周口市 Zhōukǒu Shì Chuanhui distrikt
17 Zhumadian 驻马店市 Zhùmǎdiàn Shì Yicheng distrikt
By på subprefekturnivå
18 Jiyuan 济源市 Jǐyuán Shì Jiyuan

Dei 18 einingane på prefektur- og subprefekturnivå er delt i 159 på fylkesnivå (50 distrikt, 21 byfylke, og 88 fylke). Desse er i sin tur delt i 2 440 einingar på kommunenivå (866 bykommunar, 1 234 landkommunar, tolv etniske landkommunar, og 328 subdistrikt).

Henan har ein halv-industrialisert økonomi med ein lite utvikla tertiærsektor. Landbruket har tradisjonelt vore ei søyle i økonomien, med landets høgste kveite- og sesamproduksjon og nest høgste risproduksjon. Henan er også ein viktig produsent av storfekjøt, bomull, mais, svinekjøt, animalske oljar og mais.

Industrien i Henan har frå gammalt vore basert på lette tekstilar og på næringsmiddelindustri. Dei seinare åra har industrigreiner som metallurgi, olje, sement, kjemisk industri, maskinbygging og elektronikk vorte viktige for provinsøkonomien. Henan har dei nest største molybdenreservane i verda. Også kol, aluminium, alkaliske metall og wolfram finst i store mengder i det vestlege Henan. Foredling og eksport av desse minerala er ei av dei viktigaste inntektskjeldene.

Henans tenestesektor er heller liten og underutvikla. Finans- og handelsverksemda er i stor grad konsentrert i storbyar som Zhengzhou og Luoyang, der økonomien er driven av ein stor og relativt velståande forbrukarbase. For å gjere økonomien meir kunnskaps- og teknologibasert etablerte regjeringa ei rekke utviklingssoner i alle dei store byane. Dette vart gjort for å fremje næringar som til dømes dreiv med programvare, informasjonsteknologi, bruk av nye materialar, bio-farmasøytisk og elektronisk industri.

Henan er eit stort reisemål for turistar, stader som Shaolintemplet og Longmengrottene trekker kvart år millionar av turistar.

Den økonomiske utviklinga i Henan har sidan 1990 auka snøggare enn landsgjennomsnittet. Veksten har ført til at Henan økonomisk er meir jambyrdig andre provinsar i det sentrale Kina, men nasjonalt er han likevel mellom dei fattigare.

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 http://data.stats.gov.cn/english/easyquery.htm?cn=E0103.
  2. «Origin of the Names of China's Provinces]». People's Daily Online. Arkivert frå originalen 27. april 2016. 
  3. «Ethics of China 7 BC To 1279 by Sanderson Beck». beck.org. Arkivert frå originalen 4 February 2007. Henta 6 February 2007. 
  4. «Archived copy» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 5. juli 2007. Henta 6 February 2007. 
  5. Yi Si, "The World's Most Catastrophic Dam Failures: The August 1975 Collapse of the Banqiao and Shimantan Dams", in: Dai Qing et al, The River Dragon Has Come!: The Three Gorges Dam and the Fate of China’s Yangtze River and Its People

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Henan