Stål
- Sjå òg namnet Stål
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/Steel_bracelet.jpg/220px-Steel_bracelet.jpg)
Stål er ei legering med jarn og karbon som dei viktigaste elementa. Det er eit sterkt metall med mange bruksområde, som konstruksjon og i reiskapar og våpen. I Noreg blir det produsert stål i Mo i Rana og på Jørpeland.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5d/Steel_industry_inside_loc.jpg/220px-Steel_industry_inside_loc.jpg)
Oppbygging
[endre | endre wikiteksten]Den klassiske definisjonen er at stål er jern-karbon-legeringar med opp til 2,1 prosent karbon. Karbonet, som legg seg mellom jernatoma i krystallgitteret, hindrar desse i å skli frå kvarandre. Karbonatoma vil også påverka fasetransformasjonane i metallet, slik at stålet blir meir herdbart.
Mengda av karbon i legeringa bestemmer kva eigenskapar stålet får. Stål med høgt karboninnhald kan gjerast sterkare og hardare enn jern, men blir òg sprøare.
Andre legeringselement kan vera mangan, krom eller nikkel.
Typar
[endre | endre wikiteksten]Det finst fleire typar stål, dei mest vanlege er:
Når karboninnhaldet i jern er høgare enn 2,1% blir legeringa kalla støypejern.