Koldevin er eit mannsnamn som via det franske slektsnamnet Coldevin går tilbake til col-de-vin som tyder ‘vingard’.
Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Den fyrste som vart registrert med namnet, var fiskar og gardbrukar Koldevin Bernhof Stavem fødd 1849 i Sortland (Nordland).
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Koldevin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.