Skikken med oppkalling er gamal, men taper seg i vår tid. Ein trur at den eldste oppkallinga følgde det såkalla variasjonsprinsippet, der berre det eine leddet i eit toledda namn vart ført vidare, og ikkje heile namnet. Ei jente som heitte Hallgerd, kunne vere oppkalla etter farmora Torgerd, og ein gut kunne bere namnet Torgrim etter morfaren Torvald.
Alt tidleg i mellomalderen ser vi eit parallelt system som har halde seg særleg på bygdene like fram til vår tid. Den eldste guten skulle bere namnet etter farfaren, den nest eldste etter morfaren, den eldste dottera etter farmora og den nest eldste etter mormora. Dette systemet kunne brytast i dei tilfella då barnet døydde tidleg og oppkallingsnamnet dermed vart ledig på nytt, eller ein nær og kjær slektning vart oppkalla utanom tur etter eit dødsfall.
Variasjonsprinsippet auka tilgangen på nye namn, medan oppkallinga etter kvart enda i eit stivna system med eit meir avgrensa namneutval til rådvelde. Sysken kunne bere same namnet, og i ei bygd kunne enkeltnamn dominere sterkt, til dømes Ola og Anna.
Det strenge oppkallingssystemet er i dag avløyst av ei meir fleksibel oppkalling. Foreldre hentar namn lenger bakover i slekta, ei oldemor Oline og ein oldefar Malenius kan verte oppkalla, men ikkje mormora Bjørg og farmora Åsa, og i mange tilfelle nøyer foreldre seg med å velje namn med like forbokstavar eller lik førestaving. Oliver kan vere oppkalla etter farfaren Ola og Thea etter Torbjørg.
Det vanlege i dag er likevel at mange foreldre vel namn på borna nokså fritt, utan skråblikk på tradisjonen, noko som topp 10‑listene illustrerer tydeleg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.