Positiv er grunnformene til adjektiv og adverb, som står i motsetnad til dei to andre gradane komparativ og superlativ ved gradbøying.

Faktaboks

Uttale
pˈositiv
Etymologi
av latin ponere ‘setje, leggje'
Gradar Adjektiv Adjektiv Adjektiv Adverb
Positiv snill god interessant ofte
Komparativ snillare betre meir interessant oftare
Superlativ snillast best mest interessant oftast

Dei fleste norske adjektiv har tre positive bøyingsformer (felleskjønn er ei samnemning for hankjønn og hokjønn):

Bøyingsform Lang Kvit Brå Naken
Ubunden, eintal, felleskjønn lang kvit brå naken
Ubunden, eintal, inkjekjønn langt kvitt brått nake/nakent
Bunden og/eller fleirtal lange kvite brå/bråe nakne

Nokre har to former:

Bøyingsform Glad
Ubunden, eintal glad
Bunden og/eller fleirtal glade

Og nokre har berre éi form, som bra og stille.

Eitt adjektiv, liten, har ei meir detaljert bøying:

Bøyingsform Liten
Ubunden, eintal, hankjønn liten
Ubunden, eintal, hokjønn lita
Ubunden, eintal, inkjekjønn lite
Ubunden, fleirtal små / småe
Bunden, eintal litle / vesle
Bunden, fleirtal små / småe / vesle

Adverb har derimot berre éi positiv form, som ofte og sjeldan. Mange adverb har ei form som er lik ubunden, eintal, inkjekjønn av adjektiva, som brått og langsamt.

Positive adjektiv i samisk

I dei samiske språka blir positive adjektivformer som regel ikkje bøygde, men mange har ulike former som attributt og predikativ, som i desse nordsamiske eksempla:

  • predikativ: viessu lea ođas 'huset (viessu) er (lea) nytt (ođas)'
  • attributt: ođđa viessu 'nytt (ođđa) hus (viessu)'
  • predikativ: gákti lea čáppat/čáppis 'kofta (gákti) er (lea) pen (čáppat/čáppis)'
  • attributt: čáppa gákti 'pen (čáppa) kofte (gákti)'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg