Kvikne kyrkje.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kvikne er ein tidlegare kommune og eit sokn i Tynset kommune i Innlandet, som omfattar dei øvste delane av Orklas dalføre. I 1966 vart kommunen delt slik at Innset sokn (201 km2) vart overført til Rennebu kommune i det daverande Sør-Trøndelag, og Kvikne (952 km²) vart lagt til Tynset.

Næringsliv

Kvikne er ei fjellbygd med jordbruk som viktigaste næringa og skogen som støttenæring. I Kvikne vart det tidlegare drive gruvedrift på kopar, og dessutan klebersteinsbrot, som mellom anna leverte kleberstein til Nidarosdomen. I Orkla blir det drive kraftproduksjon ved Litjefossen og Ulset kraftverk, med i alt 110 MW i maskininstallasjon.

Kyrkje

Kvikne kyrkje er ei tømmerkrosskyrkje frå 1652–1654, ombygd i 1739, med utstyr og interiør frå 1700-talet. Den gamle prestegarden, Bjørgan, var Bjørnstjerne Bjørnsons fødestad, no Bjørnson-museum.

Namn

Namnet er kanskje av norrønt kvikr, ‘levande’, og kan sikte til kvikkleire eller kvikksand.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hagen, Olav Tryggve, red.: Kvikne: ei bygdebok, 1951–52, 2 b.