Faktaboks

John Hume
Uttale
hju:m
Fødd
18. januar 1937, Derry/Londonderry
Død
3. august 2020, Derry/Londonderry
John Hume
John Hume
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 2.0

John Hume var ein irsk nasjonalistisk politikar for Social Democratic and Labour Party (SDLP) frå Derry/Londonderry i Nord-Irland. Hume er mest kjend som ein nøkkelperson bak fredsprosessen som leidde til Langfredagsavtala i 1998. For dette fekk han Nobels Fredspris i 1998.

Bakgrunn og utdanning

Hume vart fødd inn i ein arbeidarklassefamilie. Han starta på katolsk presteutdanning, men fullførte ikkje denne. I staden studerte han fransk og historie til mastergrad, og vende heim til Derry som lærar ved eit tradisjonelt katolsk gymnas («grammar school») for gutar.

Politisk aktivitet og karriere

John Hume vart nestleiar i Derry Citizen’s Action Committee i 1968. Organisasjonen vart skipa få dagar etter at politiet Royal Ulster Constabulary (RUC) slo ned ein borgarrettsdemonstrasjon mot diskrimineringa i den unionistiske eittpartistaten med hardhendt valdsmakt. I februar 1969, då valdsbruken i The Troubles var i ferd med å koma ut av kontroll, vart han vald som partiuavhengig til parlamentet i Nord-Irland. Året etter var han medgrunnleggjar av Social Democratic and Labour Party, og i 1971 markerte han si misnøye med masseinterneringa av personar mistenkte for IRA-medlemsskap med ein kortvarig sveltestreik. Hume var leiar for SDLP frå 1979 til 2001.

Han sat også i underhuset (London) 1983–2005, var ein av tre representantar frå Nord-Irland til europaparlamentet i 1979–2004 og vald medlem til Northern Ireland Assembly etter Langfredagsavtala 1998–2000.

Politisk rolle

John Hume var den fremste strategen i Social Democratic and Labour Party (SDLP). Han var ihuga tilhengjar av europeisk integrasjon, og etter at han vart vald til medlem i EF-parlamentet (seinare EU-parlamentet) i 1979, arbeidde han systematisk for at EF/EU skulle engasjera seg for fredeleg utvikling i Nord-Irland. Det gjorde dei som økonomisk støttespelar gjennom International Fund for Ireland etter Hillsborough-avtala (1985). Nettverksbygginga hans blant dei mange amerikanarane med irsk opphav, verka på liknande vis. Aktiviteten hans i EF/EU og i USA var uttrykk for at Hume ikkje trudde at interne nord-irske prosessar åleine kunne føra fram til fred eller konfliktløysing.

Frå slutten av 1980-åra freista Hume å overtyda IRA til å gje opp den væpna kampen, og i staden arbeida berre politisk gjennom Sinn Féin. Han tok fleire initiativ for dette mellom 1988 og 1993, noko som utløyste sterk kritikk. Hume ynskte med dette å få Sinn Féin inn som «vanleg» deltakar i den politiske prosessen. Ei felles fråsegn frå John Hume og Sinn Féin-leiar Gerry Adams frå 1993 bidrog sterkt til dette, og var sentral føresetnad for prosessen fram mot Langfredagsavtala frå 1998. Som partileiar var han også sentral i samtalene med andre nord-irske parti og leiarane i Det foreinte Kongeriket Storbritannia og Nord-Irland og Republikken Irland i prosessen fram mot Langfredags-avtala. Denne innsatsen gav han Nobels fredspris (delt med unionisten David Trimble) i 1998. Paradoksalt nok vart partiet hans, Social Democratic and Labour Party, få år seinare forbigått av den nærmaste politiske konkurrenten (Sinn Féin) som det største nasjonalistiske partiet i Nord-Irland.

Sjukdom, død og politisk livsprosjekt

I 2001 gjekk John Hume av som partileiar for SDLP, og i 2004 kunngjorde han at han kom til å avslutta sin aktive innsats i politikken. Då han døydde i 2020 hadde han levd med Alzheimer-diagnose sidan 2015. Ei oppsummering av det politiske livsprosjektet hans i ei setning kan vera dette: å frigjera unionismen frå den ibuande beleiringsmentaliteten og å samstundes medverka til å kanalisera den militante nasjonalismen (irsk republikanisme) inn mot ikkje-valdeleg politikk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Dolan, Thomas (2024); John Hume and his ideas. I McAtackney, Laura & Ó Catháin, Máirtin (red.); The Routledge Handbook of the Northern Ireland Conflict and Peace. London, Routledge.
  • Fitzpatrick, Maurice (2017); John Hume in America. From Derry to DC. Newbridge, Irish Academic Press.
  • Haughey, Denis & Farren, Sean (2015); John Hume: Irish Peacemaker. Dublin, Four Courts Press.
  • Hume, John (1996); Personal views, politics, peace and reconciliation in Ireland. Dublin, Town House.
  • McLoughlin, P. J. (2013); John Hume and the revision of Irish nationalism. Manchester, Manchester University Press.
  • Murray, Gerard (1998); John Hume and the SDLP. Impact and survival in Northern Ireland. Dublin, Irish Academic Press.
  • Murray, Gerard & Tonge, Jonathan (2005); Sinn Féin and the SDLP. From alienation to participation. London, Hurst.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg