Hopp til innhald

Xylose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xylose, lineær molekylstruktur

Xylose eller tresukker er ein sukkerart (monosakkarid, sjå aldopentose) som er særs vanleg i plantemateriale, særleg i tre. I form av polysakkaridet xylan, som er det viktigaste av hemicellulosene, utgjer xylose om lag 30 % av veden i lauvtre. Xylose finst òg i naturgummien tragant og i visse glykosid. Xylolose vert framstilt ved hydrolyse av tre, strå og liknande. Xylose og den tilsvarande alkoholen, xylitol, vert mellom anna nytta som kunstig søtstoff.

«xylose» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Xylose