Vassmelon
Vassmelon | |
Vassmelon | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Cucurbitales |
Familie: | Graskarfamilien Cucurbitaceae |
Stamme: | Benincaseae |
Slekt: | Citrullus |
Art: | Vassmelon C. lanatus |
Vitskapleg namn | |
Citrullus lanatus |
Vassmelon (Citrullus lanatus) er ein melonplante i graskarfamilien. Han stammar frå sørlege Afrika, men blei dyrka i middelhavslanda og Orienten alt før byrjinga av vår tidsrekning.
Planten har flikete blad og 3–20 kg store frukter med skal som er glinsande, lêraktig, grønt (eventuelt kvitflekka eller stripete) og lyseraudt, gult, oransje eller kvitt, velsmakande fruktkjøt med mange svarte frø. Frøa ligg spreidd i fruktkjøtet, i motsetnad til til dømes sukkermelon som har frøa samla i ei kjerne. Det fint også steinfrie sortar.
Vassmelon er svært vasshaldig (92 % vatn) og leskande. Han inneheld ca. 8 mg vitamin C, 7,1 g karbohydratar, 116 mg kalium og 135 kJ tilført energi per 100 g etande vare.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Vannmelon» (23. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.