Undertale
Undertale | |||
| |||
Utviklar(ar) | Toby Fox | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Fangamer, 8-4 | ||
Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store, PlayStation Store, Nintendo eShop, Microsoft Store | ||
Forfattar | Toby Fox | ||
Komponist(ar) | Toby Fox | ||
Basert på | Bibelen, Koranen | ||
Spelmotor | GameMaker | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, OS X, Linux, PlayStation 4, PlayStation Vita, Nintendo Switch | ||
Utgjeving | Windows, OS X: 15. september 2015 Linux: 17. juli 2016 PlayStation 4, PS Vita: 15. august 2017 Nintendo Switch: 18. september 2018 | ||
Sjanger | Rollespel | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 12 | ||
Nettstad | https://undertale.com/, https://undertale.jp/ | ||
Deltarune→ |
Undertale er eit datarollespel utvikla av Toby Fox. I spelet styrer spelaren ein gutunge som har falle ned i undergrunnen, eit stort, åtskilt område under overflata av Jorda, som er sperra av ein magisk barriere. Spelaren møter ei rekke monster på ferda for å kome tilbake til overflata, i hovudsak gjennom kampsystemet i spelet, som kjem fram når spelaren konfronterer eller støyter på eit monster. I det turbaserte kampsystemet kan spelaren mellom anna unngå å ta skade gjennom å navigere unna prosjektil som kjem flygande over skjermen, og kan velje å spare monstera i staden for å angripe og drepe dei. Vala som spelaren gjer påverkar hendingsgangen i spelet, både dialogen, karakterane og historia.[1]
Toby Fox har utvikla Undertale uavhengig, inkludert komponeringa av musikken. Spelet er inspirert av mellom anna dataspelseriane Mother og Mario & Luigi, skytespelet Touhou Project, internettkultur og den britiske komiserien Mr. Bean. Undertale vart lansert 15. september 2015 til Microsoft Windows og OS X[2], og 17. juli 2016 til Linux[3]. Spelet selde over ein million eksemplar etter at det kom ut, og det vart nominert til fleire prisar.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ANMELDELSE: Undertale». Gamer.no. Henta 24. september 2016.
- ↑ «Undertale Release Information for PC». GameFAQs. Henta 24. september 2016.
- ↑ «Undertale Release Information for Linux». GameFAQs. Henta 24. september 2016.
- ↑ «Uncovering the heart of Undertale». Eurogamer. Henta 24. september 2016.