The Rolling Stones av The Rolling Stones
The Rolling Stones Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. april 1964 (Storbritannia), 30. mai 1964 (USA) | |
Innspelt | 3. januar – 25. februar 1964 | |
Studio | Regent Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 33:24 (britisk), 31:05 (amerikansk) | |
Selskap | Decca (UK), London (USA) | |
Produsent | Eric Easton, Andrew Loog Oldham | |
Britisk The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
The Rolling Stones | The Rolling Stones No. 2 (1965) | |
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi | ||
The Rolling Stones | 12 X 5 (1964) | |
Singlar frå The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers) | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Britisk utgåve | |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [2] |
BBC | Positiv[3] |
Meldingar | |
---|---|
Amerikansk utgåve | |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
The Rolling Stones er debutalbumet til The Rolling Stones, utgjeve på Decca Records i Storbritannia den 16. april 1964. Den amerikanske utgåve av albumet hadde eit litt anna innhald og kom ut på London Records den 30. mai 1964, med undertittelen England's Newest Hit Makers. Dette vart seinare den offisielle tittelen på denne utgåva.
Albumet er med i boka til Robert Dimery kalla 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[5]
Innspeling og utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Innspelinga ved Regent Sound Studios i London tok fem dagar i januar og februar 1964. Albumet vart produsert av dei dåverande managerane Andrew Loog Oldham og Eric Easton. The Rolling Stones vart opphavleg gjeve ut på Decca Records i Storbritannia, medan England’s Newest Hitmakers kom på London Records i USA, med songen «Not Fade Away» (den tredje singelen til bandet) erstatta songen «Mona (I Need You Baby)».[6]
Dei fleste songane på albumet er autentisk R&B. Mick Jagger og Keith Richards skreiv ikkje mange songane på denne tida, og medverka berre med ein orignal song til albumet, «Tell Me (You’re Coming Back)». To songar er tilskriven «Nanker Phelge» - eit pseudonym band nytta for songar heile bandet medverka med frå 1963 til 1965. Phil Spector og Gene Pitney begge medverka til innspelinga og vert kalla «Uncle Phil og Uncle Gene» på instrumentalen «Now I’ve Got a Witness».
Biletet på plateomslaget vart teke av David Bailey. Omslaget på den britiske utgåva står utan tittel eller noko anna som identifiserer bandet, bortsett frå biletet og ein Decca-logo. Dette «uhøyrde» konseptet var Andrew Oldham sin ide.[7][8]
The Rolling Stones vart ein av bestseljarane i 1964 i Storbritannia og låg på førsteplassen på den britiske salslista i 12 veker.
Britisk utgåve
[endre | endre wikiteksten]Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Route 66» | Bobby Troup | 2:20 |
2. | «I Just Want to Make Love to You» | Willie Dixon | 2:17 |
3. | «Honest I Do» | Jimmy Reed | 2:09 |
4. | «Mona (I Need You Baby)» | Ellas McDaniel | 3:33 |
5. | «Now I've Got a Witness (Like Uncle Phil and Uncle Gene)» | Nanker Phelge | 2:29 |
6. | «Little by Little» | Nanker Phelge, Phil Spector | 2:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «I'm a King Bee» | James Moore | 2:35 |
8. | «Carol» | Chuck Berry | 2:33 |
9. | «Tell Me (You're Coming Back)» | Mick Jagger, Keith Richards | 4:05 |
10. | «Can I Get a Witness» | Brian Holland, Lamont Dozier, Eddie Holland | 2:55 |
11. | «You Can Make It If You Try» | Ted Jarrett | 2:01 |
12. | «Walking the Dog» | Rufus Thomas | 3:10 |
Amerikansk utgåve
[endre | endre wikiteksten]Den amerikanske utgåva av albumet med undertittelen England's Newest Hit Makers, som sidan vart det offisielle namnet på utgåva, var det første albumet bandet gav ut i Amerika. Det kom ut på London Records den 30. mai 1964, ein og ein halv månad etter den britiske versjonen.
Sporet «Not Fade Away» (A-sida til den tredje singelen deira i Storbritannia) erstatta «I Need You Baby»,[6] og titlane til songane «Now I've Got a Witness (Like Uncle Phil and Uncle Gene)» og «Tell Me (You're Coming Back)» vart korta ned til «Now I've Got a Witness» og «Tell Me» på dei fleste versjonane. Då det kom ut nådde The Rolling Stones 11. plassen i USA og selde til gullplate. Så langt er dette det einaste albumet til The Rolling Stones som ikkje har nådd topp 5 på Billboard.[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Not Fade Away» | Buddy Holly, Norman Petty | 1:48 |
2. | «Route 66» | Bobby Troup | 2:20 |
3. | «I Just Want to Make Love to You» | Willie Dixon | 2:17 |
4. | «Honest I Do» | Jimmy Reed | 2:09 |
5. | «Now I've Got a Witness» | Nanker Phelge | 2:29 |
6. | «Little by Little» | Nanker Phelge, Phil Spector | 2:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «I'm a King Bee» | James Moore | 2:35 |
8. | «Carol» | Chuck Berry | 2:33 |
9. | «Tell Me» | Mick Jagger, Keith Richards | 4:05 |
10. | «Can I Get a Witness» | Brian Holland, Lamont Dozier, Eddie Holland | 2:55 |
11. | «You Can Make It If You Try» | Ted Jarrett | 2:01 |
12. | «Walking the Dog» | Rufus Thomas | 3:10 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 5), korvokal (9-11), munnspel (4, 6, 7), perkusjon (1, 3)
- Keith Richards – elektrisk gitar (1-6, 8, 9, 11, 12), akustisk gitar (1, 7, 9, 10), korvokal (9-11)
- Brian Jones – elektrisk gitar (2-4, 6-8, 12), munnspel (1, 3, 5), perkusjon (9-11), korvokal (10-12), akustisk gitar (11)
- Bill Wyman – bassgitar (alle spor), korvokal (10, 11)
- Charlie Watts – trommer (alle spor)
Andre musikarar
- Ian Stewart – piano (6, 9, 10), orgel (5, 11)
- Gene Pitney – piano (6)
- Phil Spector – maracas (6)
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
Salslister[endre | endre wikiteksten]Album
Singlar
|
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Rolling Stones (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Richie Unterberger (30. mai 1964). «The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers) - The Rolling Stones | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 25. mars 2018.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 18. mai 2017, henta 25. mars 2018
- ↑ https://www.bbc.co.uk/music/reviews/3whf/
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 18. mai 2017, henta 25. mars 2018
- ↑ Robert Dimery; Michael Lydon (2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.
- ↑ 6,0 6,1 McPherson, Ian. «The Rolling Stones' Complete Discography Part I: 1963–1965». Henta 25. februar 2008.
- ↑ Bill Wyman (2002). Rolling with the Stones. DK Publishing. s. 111. ISBN 0-7894-9998-3.
- ↑ Andrew Loog Oldham (2000). Stoned. St. Martin's Griffin. s. 327. ISBN 0-312-27094-1.
- ↑ «The Rolling Stones - Chart History». Billboard. Henta 25. mars 2018.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Offiziellecharts.de – The Rolling Stones – The Rolling Stones" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 25. mars 2018.
- ↑ 12,0 12,1 "Rolling Stones | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 25. mars 2018.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2018.
- ↑ «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones». Music Canada. Henta 25. mars 2018.
- ↑ «American album salstrofé – The Rolling Stones». Recording Industry Association of America. Henta 25. mars 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rolling Stones No. 1 Arkivert 2008-06-21 ved Wayback Machine.