Streptopelia
Utsjånad
Streptopelia | |
Saheldue, Streptopelia roseogrisea J. G. Keulemans, 1869, Public domain | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Duefamilien Columbidae |
Underfamilie: | Columbinae |
Slekt: | Streptopelia Bonaparte, 1855 |
Streptopelia er ei biologisk slekt av fuglar i duefamilien.
Desse er i hovudsak slanke, små til mellomstore duer. Oversida er ofte bleik brun, og undersida er ofte med ein nyanse av rosa. Mange har ein karakteristisk svart-kvit flekk på halsen, og ensformige kurrande læte.
Kjerneområdet for denne slekta er Afrika, men fleire artar finst i tropiske, sørlege Asia. Som gruppe er denne slekta svært vellukka; mange artar har store populasjonar i ei rekkje habitat i tropane, to artar har no ein mykje meir omfattande distribusjon.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Streptopelia i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Turteldue, Streptopelia turtur, European Turtle-Dove, Linné, 1758, (VU)
- Rustvengdue, Streptopelia lugens, Dusky Turtle-Dove, Rüppell, 1837, (LC)
- Rosenbukdue, Streptopelia hypopyrrha, Adamawa Turtle-Dove, Reichenow, 1910, (LC)
- Mongolturteldue, Streptopelia orientalis, Oriental Turtle-Dove, Latham, 1790, (LC)
- Jomfrudue, Streptopelia bitorquata, Island Collared-Dove, Temminck, 1809, (LC)
- Filippinardue, Streptopelia dusumieri, Philippine Collared-Dove, Temminck, 1823, (VU)
- Tyrkardue, Streptopelia decaocto, Eurasian Collared-Dove, Frivaldszky, 1838, (LC)
- Saheldue, Streptopelia roseogrisea, African Collared-Dove, Sundevall, 1857, (LC)
- Elvedue, Streptopelia reichenowi, White-winged Collared-Dove, Erlanger, 1901, (NT)
- Klagedue, Streptopelia decipiens, Mourning Collared-Dove, Hartlaub & Finsch, 1870, (LC)
- Raudaugedue, Streptopelia semitorquata, Red-eyed Dove, Rüppell, 1837, (LC)
- Savannedue, Streptopelia capicola, Ring-necked Dove, Sundevall, 1857, (LC)
- Vindue, Streptopelia vinacea, Vinaceous Dove, Gmelin, 1789, (LC)
- Gråhovuddue, Streptopelia tranquebarica, Red Collared-Dove, Hermann, 1804, (LC)
- Umbradue, Streptopelia picturata, Madagascar Turtle-Dove, Temminck, 1813, (LC)
- Perlekragedue, Streptopelia chinensis, Spotted Dove, Scopoli, 1786, (LC)
- Palmedue, Streptopelia senegalensis, Laughing Dove, L, 1766, (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Streptopelia» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2015.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Streptopelia