Solikamsk
Solikamsk Соликамск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Perm | ||
Grunnlagd Bystatus |
1430 1573 | ||
Borgarmeister | Sergei Devjatkov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
165 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
98 200 595,2 /km² | ||
Koordinatar | 59°38′00″N 56°46′00″E / 59.63333°N 56.76667°E | ||
Høgd over havet | 150 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 618540–618556 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)34253 | ||
Nettstad: adm.solkam.ru |
Solikamsk (russisk Солика́мск) er ein by i Perm kraj i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 190 km nord for Perm og 25 km nord for nabobyen Berezniki. Solikamsk er den tredje største byen i Perm kraj.
Han vart grunnlagt i 1430. Bynamnet kjem av dei russiske orda sol (соль) – salt og Kama (Кама) – elva som renn gjennom byen.
Byen er kjent for saltproduksjon, særskild natriumklorid, som vert nytta som gjødsel. Over 11 000 menneske arbeider innan utvinning av salt, 3 000 i underjordiske gruver og 7 000 over bakken. Byen har eit eige museum som er tileigna til å forklare og vise alle stadium i saltutvinninga, raffinering og næringa si historie i byen.
I Sovjettida låg det ein gulag-arbeidsleir ved byen. Han er no stengd, men vert nytta som museum.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Guide til Solikamsk (engelsk)
- Solikamsk historie (engelsk)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Solikamsk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.