Hopp til innhald

Snorri Hjartarson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snorri Hjartarson
Statsborgarskap Island
Fødd 22. april 1906
Hvanneyri
Død

27. desember 1986 (80 år)
Reykjavík

Yrke lyrikar, skribent

Snorri Hjartarson (22. april 190627. desember 1986) var ein islandsk forfattar.

Snorri Hjartarson var fødd i Hvanneyri i Borgarfjörður.[1] Han studerte biletkunstStatens Kunstakademi i Oslo under Axel Revold frå 1931 til 1932. Som forfattar debuterte han med den norskspråklege romanen Høit flyver ravnen i 1934, men det er for diktsamlingane sine på islandsk han er best kjend.[1] Han fekk Nordisk råds litteraturpris i 1981 for diktsamlinga Hauströkkrið yfir mér (på norsk: Haustskyming over meg).[2]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1934 Høit flyver ravnen, roman (Nasjonalforlaget, Oslo)
  • 1944 Kvæði, diktsamling (Bokautgafan Heimskringla, Reykjavik)
  • 1945 Sol er a morgun : kvædasafn fra atjandu öld fyrri hluta nitjandu aldar (H.F.Leiftur, Reykjavik)
  • 1952 Á Gnitaheiði, diktsamling (Heimskringla, Reykjavik)
  • 1966 Lauf og stjörnur, diktsamling
  • 1979 Hauströkkrið yfir mér, diktsamling (Mál og Menning, Reykjavik)
På norsk:
1981 Haustskyming over meg, gjendikta av Ivar Orgland (Dreyer forlag, Oslo)
  • 1992 Kvæðasafn (Mál og Menning, Reykjavik)

I norsk gjendikting finst dikta hans også i boka Lyng og krater : dikt i utval / Snorri HjartarsonFonna Forlag frå 1968 i Ivar Orgland si gjendikting.

  1. 1,0 1,1 «Snorri Hjartarson». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. «1981 Snorri Hjartarson, Island: Hauströkkrið yfir mér». Norden.org / Nordisk råd. Henta 9. november 2016.