Ivar Orgland
Ivar Orgland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. oktober 1921 Oslo |
Død |
16. juni 1994 (72 år) |
Yrke | leksikograf, lingvist, omsetjar, lyrikar, filolog |
Carl Ivar Orgland (13. oktober 1921–16. juni 1994) var ein norsk lyrikar, gjendiktar og ordbokredaktør. Han var frå Oslo, og er gravlagd i Vindafjord kommune i Rogaland.
Han debuterte som lyrikar med diktsamlinga Lilje og sverd i 1950, og gav ut i alt 15 eigne diktsamlingar. Han stod bak 23 diktbøker med gjendikting frå islandsk, éi frå Gotland og éi frå Færøyane (Janus Djurhuus). Orgland gjendikta både samtidslyrikk og mellomalderkvad. Ivar Orgland arbeidde som høgskolelektor i norsk i Reykjavík før han frå 1962 til 1969 var lektor i norsk ved Universitetet i Lund.
Han utgav i 1981 språkkurset Lær litt islandsk; og saman med Fredrik Raastad utgav han i 1985/1992 Islandsk-norsk ordbok og i 1993 Norsk-íslensk orðabók.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- I 1959 vart han tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond.
- I 1973 vann han Sunnmørsprisen for Nattstill fjord.
- Orgland vart utnemnd til statsstipendiat i 1980.
- I 1986 vann han Bastianprisen for Dikt av islandske kvinner fra 1700-tallet til våre dager.