Rantis
Rantis | |||
رنتيس, Rantes | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 32°01′41″N 35°01′10″E / 32.02806°N 35.01944°E | ||
Areal | 11,0 km² | ||
Folketal | 2 900 (2006) | ||
Folketettleik | 264 / km² | ||
Rantis 32°01′41″N 35°01′10″E / 32.02805556°N 35.01944444°E | |||
Kart som viser Rantis.
| |||
Wikimedia Commons: Rantis |
Rantis (arabisk رنتيس) er ein palestinsk by på Vestbreidda, nordvest i Ramallah og al-Bireh guvernement, 33 kilometer nordvest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 2 900 i 2006.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Alle Evangelia nemner denne byen, Arimatea, ein gong, og alltid i tilknyting til Josef frå Arimatea — som plasserte lekamen til Kristus i si eiga grav.[2] Både Eusebius og Jerome identifiserer Arimatea som fødestaden til Samuel. På 300-talet rapporterte Jerome at Den heilage Paula vitja denne staden. Sterke tradisjonar frå mellomalderen stadfestar denne påstanden, som feira byen som heimstaden til profeten. Eit kloster for Josef av Arimatea vart reist der. Ein annan tradisjon plasserer Arimatea ved Rantis, aust for Jaffa. Andre stader som er føreslått er ar-Ram og al-Bireh-Ramallah, nord for Jerusalem.[3]
Byen vart annektert av Jordan i 1950 etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Den 28–29. januar 1953 kryssa israelske forsvarsstyrkar grensa med 120 til 150 mann og gjekk til åtak på dei jordanske landsbyane Falameh og Rantis. I Falameh vart mukhtaren drepen, og sju andre landsbybuarar skadde, medan tre hus vart øydelagde. Åtaket vart fire og ein halv time og vart fordømt av Våpenkvilekommisjonen.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
- ↑ Matt 27:57; Mark 15:43; Luk 23:50; John 19:38
- ↑ Armathaim, also Arimathea - (Ranthis) Studium Biblicum Francum - Jerusalem.
- ↑ S/PV.630 of 27. oktober 1953 Report of Major General Vagn Bennike Chief of Staff of the United Nations Truce Supervision Organization
- Denne artikkelen bygger på «Rantis» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. (SWP II:286-7, 367)
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress. (p. 823-4)
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale. (p. 113)
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2. (p. 136)
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.