Perleugle
Utsjånad
Perleugle | |
Perleugle | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av perleugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Aegolius |
Art: | Perleugle A. funereus |
Vitskapleg namn | |
Aegolius funereus |
Perleugla er mellom dei mindre norske ugleartane og kan verta funnen i Trøndelag og på Aust- og Sørlandet. Arten liker best gamal barskog, og lever i store delar av Eurasia og Nord-Amerika.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Perleugla vert opptil 25 cm lang og kan vega opptil 160 g. Fjørdrakta er gråbrun med store kvite flekker på oversida, undersida er lysare. Ungfuglar er heilt brune.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Perleugla hekkar frå mars til juni, og nyttar som regel reirhòl frå større hakkespettar. Hoa legg 3-7 egg og rugar dei i underkant av ein månad. Ungane vert verande hjå foreldra i litt over 30 dagar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Læte
-
Egg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tengmalm's Owl» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2007.
- Nicolay, Singer & Wothe: Fugler, Cappelens naturhåndbøker