Okra
Okra | |
Okra | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av okra | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Malvoideae |
Stamme: | Hibisceae |
Slekt: | Abelmoskusslekta Abelmoschus |
Art: | Okra A. esculentus |
Vitskapleg namn | |
Abelmoschus esculentus |
Okra (Abelmoschus esculentus) er ein planteart i kattostfamilien. Han stammar truleg frå tropisk Afrika, men blir i dag dyrka i ei rekkje tropiske, subtropiske og tempererte område.[1] Okra blir brukt som grønsak, til tauverk og til medisinske føremål.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Okraplanten er ein urteaktig plante som blir opptil 3 m høg. Blada er store og breie. Kapselfruktene har femkanta eller sylindrisk tverrsnitt. Dei er gråaktig grøne med kvitt fruktkjøt og kvite frø. Okra blir brukt i salatar eller som grønsak.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Heile planten kan etast om ein ser bort frå dei vedaktige stilkene. Det er vanlegvis frukta som blir brukt til mat, men også blad, blomar, spirer og frø kan brukast i matlaging. I afrikansk matlaging blir både fersk og tørka, malen okra brukt.[1] Okra kan kokast, steikast, forvellast eller marinerast.
Fibrane i stengelen kan brukast til framstilling av tauverk.
Næringsinnhald
[endre | endre wikiteksten]Okra inneheld ca. 21 mg vitamin C, 303 mg kalium, 3,2 g kostfiber, 90 % vatn, 0,1 g fiett og 138 kJ tilført energi per 100 g eten vare.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Ordet «okra» kjem frå igbo ọ́kụ̀rụ̀.[2] Andre namn på okra er «grønsakhibisk». På engelsk er han også kjend som gumbo, som også er namnet på ein cajunrett der ein bruker planten, og lady's finger.[3] På ulike bantuspråk er namnet (ki)ngombo eller ein variant,[4] og dette kan vera opphavet til namnet gumbo, via spansk/portugisisk quingombo.[5]
Okra blir gjerne kalla gombo på fransk, men er kjend som cabo eller lalo på Réunion, Haiti og Mauritius og calou i Fransk Guyana.
Han er kjend som bamya i Hellas, Tyrkia og Sudan, gnawia eller ganaouia i Algerie, Tunisia og Marokko, mloukhia i Marokko, darraba på lokal arabisk i Tsjad, nkui i Kamerun, dongó dongó i Folkerepublikken Kongo, fétri på ewe i Togo og poût barang (ពោតបារាំង) 'fransk mais' i Kambodsja.[6]
På hindi og nærskylde språk er grønsaken kjend som bhindi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 National Research Council (27. oktober 2006). «Okra». Lost Crops of Africa: Volume II: Vegetables. Lost Crops of Africa 2. National Academies Press. ISBN 978-0-309-10333-6. Henta 15. juli 2008.
- ↑ McWhorter, John H. (2000). The Missing Spanish Creoles: Recovering the Birth of Plantation Contact Languages. University of California Press. s. 77. ISBN 0-520-21999-6. Henta 29. november 2008.
- ↑ Alternative Cold Remedies: Lady's Fingers Plant, curing-colds.com, arkivert frå originalen 13. mai 2009, henta 3. juni 200
- ↑ gumbo, Oxford English Dictionary (1st ed.). Oxford University Press. 1933
- ↑ Okra, or 'Gumbo,' from Africa, tamu.edu
- ↑ Pauline Dy Phon, វចនានុក្រមរុក្ខជាតិប្រើប្រាស់ក្នុងប្រទេសកម្ពុជា, Dictionnaire des Plantes utilisées au Cambodge, Dictionary of Plants used in Cambodia, ភ្នំពេញ Phnom Penh, បោះពុម្ពលើកទី ១, រោងពុម្ព ហ ធីម អូឡាំពិក (រក្សាសិទ្ធិ៖ អ្នកគ្រូ ឌី ផុន) គ.ស. ២០០០, ទំព័រ ៣៤៣-៣៤៤, 1st edition: 2000, Imprimerie Olympic Hor Thim (© Pauline Dy Phon), 1er tirage : 2000, Imprimerie Olympic Hor Thim, s. 1.
- Denne artikkelen bygger på «Okra» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2017.
- «okra» (21. september 2015) i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) okra i Encyclopedia of Life
- (en) okra i Global Biodiversity Information Facility
- (en) okra hos ITIS
- (en) okra hos NCBI
- (en) okra hos The International Plant Names Index
- (en) okra hos Tropicos
- (en) Kategori:Abelmoschus esculentus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Abelmoschus esculentus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Abelmoschus esculentus – detaljert informasjon på Wikispecies