Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark
Utsjånad
Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Svalbard | ||
Areal | 9 914 km² | ||
• land | 3 683 km² | ||
• vatn | 6 231 km² | ||
Oppretta | 1. juni 1973 | ||
Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark 79°35′00″N 11°30′00″E / 79.583333°N 11.5°E |
Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark ligg på Svalbard og omfatter Moffen, Albert I Land og Haakon VII Land. Nasjonalparken vart oppretta ved kongeleg resolusjon den 1. juni 1973 og inneheld mellom anna varme kjelder og vulkanrestar i Bockfjorden.
Nasjonalparken har talrike koloniar av sjøfugl, i tillegg til svalbardrein og polarrev. Det er òg eit hiområde for isbjørn. Kvalross finst her òg. Det finst òg restar etter kvalfangststasjonar og graver frå 1600-talet, til dømes Smeerenburg. I tillegg finst restar etter fleire arktiske ekspedisjonar, mellom anna i Virgohamna. Den svenske ingeniøren Andrée gjorde eit forsøkt på å nå Nordpolen med ein hydrogenballong i 1897. Andrée hadde Virgohamna som base.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2006.