Møysalen nasjonalpark
Utsjånad
68°31′36″N 15°30′52″E / 68.52667°N 15.51444°E
Møysalen nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Ingelsfjordeidet mellom Ingelsfjorden
i Hadsel og Øksfjorden i Lødingen. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommunar | Lødingen, Hadsel, Sortland | ||
Høgaste punkt | Møysalen | ||
• høgd | 1 262 moh. | ||
Areal | 51 km² | ||
Oppretta | 29. august 2003 | ||
Møysalen nasjonalpark 68°31′00″N 15°30′00″E / 68.516666666667°N 15.5°E | |||
Wikimedia Commons: Møysalen national park |
Møysalen nasjonalpark er ein nasjonalpark i kommunane Lødingen, Hadsel og Sortland i Nordland fylke. Fjellet Møysalen på 1262 moh. ligg sentralt i området.
Vern og bruk
[endre | endre wikiteksten]Formålet med vernet av Møysalen nasjonalpark er å:
- ta vare på eit intakt utsnitt av eit kystalpint landskap
- sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
- sikre kulturminne mot skadar og øydelegging.
Folk skal kunne drive enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.
Området kan nyttast til reindrift.