Hopp til innhald

Nagle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naglar.

Nagle er eit plastisk formbart sylindrisk forbindingselement som har ei rekkje bruksområde. Naglar vert mellom anna nytta for å festa bjelkar, plater og andre delar til kvarandre. Naglar er laga av metall som stål, titan, kopar, messing, aluminiumlegeringar, men ymse kunststoff vert òg nytta. Før det vart vanleg med sveising vart skipsskrog og fagverk i bruer, kraner, master og så vidare nagla saman.