Musfuglfamilien
Musfuglfamilien | |
Brunmusfugl, Colius striatus Illustarsjon Joseph Smit, 1886 | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Coliiformes |
Familie: | Musfuglfamilien Coliidae Swainson, 1837 |
Musfuglar er ei lita gruppe fuglar som ikkje står nært andre grupper, men det kan vere dei står nærare papegøyar enn andre. Musfuglar har derfor fått status som ein orden Coliiformes. I tillegg er gruppa ein familie Coliidae. Distribusjonen er avgrensa til Afrika sør for Sahara, og Coliiformes er einaste ordenen som berre finst på dette kontinentet. I forhistorisk tid hadde dei større utbreiing i og vart tilsynelatande utvikla frå Europa.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dei er slanke, grålege eller brunlege fuglar med mjuke, hårliknande kroppsfjør. Musfuglar har vanlegvis rundt 10 centimeter kroppslengd, med ein lang og tynn hale på ytterlegare 20-24 centimeter. Vekta kan vere 45-55 gram. Dei beitar i skog og søkjer gjennom lauvverk som gnagarar på jakt etter bær, frukt og knoppar. Denne vanen saman utsjånaden på beina, gjev namn på gruppa. Dei er akrobatiske, og kan hengje opp ned når dei et. Alle artar har sterke klør og reversible ytre tær. Dei har også fjørtopp og kraftig nebb.
Musfuglar er sosiale og lever i flokkar på om lag tjue i terreng med tynnvaksen skog.
Desse fuglane byggjer koppforma reir i tre, reira er laga av kvistar med ei kantlinje av gras. Kvart kull er på 2-4 egg. Ungane er ganske utvikla ved klekking og forlèt reiret tidleg for å trene til flying.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Musfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Colius
- Brunmusfugl, Colius striatus, Speckled Mousebird, LC, Gmelin, 1789
- Kvitkronemusfugl, Colius leucocephalus, White-headed Mousebird, LC, Reichenow, 1879
- Raudryggmusfugl, Colius castanotus, Red-backed Mousebird, LC, Verreaux & Verreaux, 1855
- Kvitryggmusfugl, Colius colius, White-backed Mousebird, LC, Linné, 1766
Slekt Urocolius
- Blånakkemusfugl, Urocolius macrourus, Blue-naped Mousebird, LC, Linné, 1766
- Raudmaskemusfugl, Urocolius indicus, Red-faced Mousebird, LC, Latham, 1790
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mousebird frå Engelsk Wikipedia .
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)