Miami
Miami | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Florida | ||
Fylke | Miami-Dade County | ||
Areal | 143 148 642 km² | ||
Folketal | 442 241 (1. april 2020)[1][2][3][4] | ||
Miami 25°47′00″N 80°13′00″W / 25.783333333333°N 80.216666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Miami, Florida |
Miami er ein by som ligg søraust i den amerikanske delstaten Florida. Sjølve byen har 342 000 innbyggjarar (2020), men han er den største i tettstadområdet Miami–Fort Lauderdale–Pompano Beach som er det niuande største i USA med over 6,1 millionar innbyggjarar.[5]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Miamiområdet var opphavleg folkesett av tekestaene. I 1566 gjorde Pedro Menéndez de Avilés krav på området for Spania, og ein misjonsstasjon blei grunnlagd året etter. Fort Dallas blei bygd i 1836, og Miami-området blei slagstad for den andre seminolekrigen (1835-1842).
Sjølve byen blei grunnlagd i 1896 takka vera arbeidet til landeigaren Julia Tuttle, og er dermed den einaste storbyen i USA grunnlagd av ei kvinne. Ved den offisielle grunnlegginga den 28. juli 1896 hadde byen 300 innbyggjarar. Miami voks til i 1920-åra, men opplevde økonomisk nedgang då eigedomsbobla i Florida sprakk og under depresjonen på 1930-talet. Byen vart også råka av orkan i 1926. Under andre verdskrigen var Miami eit viktig senter for kampen mot tyske ubåtar, og folketalet voks. Etter at Fidel Castro kom til makta på Cuba i 1959 har også mange flyktande kubanarar slått seg ned i byen. I 2000 rekna 65,8 % av innbyggjarane i Miami seg som latinamerikanske (Latino eller Hispanic).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census.gov/quickfacts/fact/table/miamicityflorida/PST045219; vitjingsdato: 21. august 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «QuickFacts»; arkiveringsdato: 23. august 2023; vitjingsdato: 23. august 2023; oppført som: Miami city, Florida; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20230823194930/https://www.census.gov/quickfacts/fact/table/miamicityflorida/PST045222.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Florida Municipal Population Census Counts: 1890 to 2020». Arkivert frå originalen 4. april 2022. Henta 24. august 2023.
- ↑ «2020 Population and Housing State Data». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen August 24, 2021. Henta August 22, 2021.
- "QuickFacts for Miami (city), Florida" Arkivert 2012-06-21 ved Wayback Machine. frå United States Census Bureau
- Denne artikkelen bygger på «Miami» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.