Kvinand
Kvinand | |
Kvinandhann | |
Kvinandhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av kvinand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Bucephala |
Art: | Kvinand B. clangula |
Vitskapleg namn | |
Bucephala clangula |
Kvinand er ein fugl i undergruppa dukkender i andefamilien.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Kvinanda er ei middelsstor kompakt dukkand med eit stort hovud med snev av topp på. Totallengda er 40–48 cm, og vengespennet 62–77 cm. Fuglen veg 500–1300 gram. Nebben er liten og trekanta, augene gule. Hannen i praktdrakt har ei svartkvit drakt og eit glinsande grønsvart hovud med ein stor kvit flekk mellom nebben og auga. Om sommaren vert hannen meir lik hoa, men har mørkare brunt hovud, og ofte viser litt av praktdrakta att på vengane. Hoa har grå kropp, kvit buk, brunt hovud og ein varierande kvit halsring. Den grå nebben har ein gul og svart nebbspiss. Unge individ liknar hoa, men har ikkje halsband, dei er mørke auge og er brunare på kroppåen og nebben manglar gult. I flukt har både hann og ho eit kvitt felt på indre del av vengen, på hoa er dette delt av fleire mørke band.
Læte
[endre | endre wikiteksten]I flukt lagar kvinanda lyd med vengane, denne læt som hyhyhyhy og kan høyrast på langt hald, særleg hannen sin lyd. Denne kvinande læta er opphavet til namnet på fuglen. I paringsspelet gir hannen frå seg ein kvekkande lyd som minner om lyden når ein dreg ein finger langs ein kam. Hoa læt frå seg eit grar på hekkeplassen.
Utbreiing og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Arten har ei sirkumpolar utbreiing med unntak av Grønland, og hekkar i taigaregionen i både Eurasia og Nord-Amerika. Mesteparten av verdspopulasjonen er trekkfuglar.
Kvinanda vert delt opp i to underartar:
- Bucephala clangula clangula - nominatforma hekkar i det nordlege Eurasia og overvintrar så langt sør som Middelhavet, Persiabukta og det sørlege Kina.
- Bucephala clangula americana – hekkar i Nord-Amerika så langt sør som California og Florida.
Biotop og leveområde i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Den norske hekkebestanden ligg truleg på 10 000–20 000 par. Tettast bestand finst ved innsjøar og stiltrennande elvar i skogområda på Sør- og Austlandet, og nordover gjennom Trøndelag. I Nord-Noreg finst arten meir spreidd, og på Vestlandet hekkar kvinanda sjeldan.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Kvinanda et små fisk, sniglar, krepsdyr, plantedeler og insekt samt insektlarver. Fuglane kan dukke så djupt ned som åtte meter for å nå byttet.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Hoa legg 10–12 egg i trehol som er laga naturleg eller av store spetter som svartspett, eller i rugekasser. Ungane forlet reiret og søker vatn straks etter klekking.
Trekkvanar
[endre | endre wikiteksten]Ein god del kvinender overvintrar i ferskvatn og i grunne sjøområde i Sør-Noreg, elles overvintrar norske fuglar i nordsjølanda og dei vestlege delane av Austersjøen. Mykje kvinand overvintrar i Danmark, både norske og andre. Talet på kvinender som overvintrar i Noreg har auka sidan år 1900.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Knipa» frå Wikipedia på svensk, den 13. desember 2010.
- Norsk Fugleatlas, 1994.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) kvinand hos Artsdatabanken
- (en) kvinand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) kvinand i Encyclopedia of Life
- (en) kvinand i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kvinand hos Dyntaxa
- (en) kvinand hos Fauna Europaea
- (en) kvinand hos Fossilworks
- (en) kvinand hos ITIS
- (en) kvinand hos NCBI
- (en) Kategori:Bucephala clangula – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Bucephala clangula – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons