Hopp til innhald

Kodal

Koordinatar: 59°12′49″N 10°8′26″E / 59.21361°N 10.14056°E / 59.21361; 10.14056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°12′49″N 10°8′26″E / 59.21361°N 10.14056°E / 59.21361; 10.14056

Kodal
stad
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Sandefjord
Areal 0,63 km²
Folketal 1 070  (2023)
Folketettleik 1 698 / km²
Postnummer 3243 KODAL
Ferdselsårer 305 Fv310
Kart
Kodal
59°12′49″N 10°08′26″E / 59.213611°N 10.140556°E / 59.213611; 10.140556
Wikimedia Commons: Kodal

Kodal er ein tettstad, ei bygd og eit kyrkjesokn i Sandefjord kommune i Vestfold. Tettstaden har 1 070 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg elleve kilometers køyring sør for tettstaden Andebu.

Høyjord, Kodal og Andebu utgjorde tidlegare Andebu kommune, som 1. januar 2017 blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommunar.

Her ligg barneskulen Kodal skole, og staden har daglegvarebutikk, bensinstasjon, barnehage og idrettsanlegg. Kodal kyrkje frå kring år 1100, ligg på Prestebøen 2,5 km nordvest for sentrum i tettstaden.

Ved Kodal finst ein større jern- og fosforførekomst. Han har oppstått i tilknyting til nefelinsyenittar i Oslofeltet og består av ein fosfatrik bergart med mykje av dei jern- og titanrike minerala ilmenitt og ilmenomagnetitt. Bergarten, som er ein alkalipyroksenitt, er tidlegare vorte kalla jacupirangitt. Malmressursane er rekna til å vere 100 millionar tonn.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.