Mineral
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9e/VermiculiteUSGOV.jpg/220px-VermiculiteUSGOV.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/ba/MuscoviteLayerUSGOV.jpg/220px-MuscoviteLayerUSGOV.jpg)
Eit mineral er eit naturleg uorganisk stoff som er danna i geologiske prosessar (òg omtala som mineraldannande prosessar) og som har ein definert krystallstruktur og ei bestemt kjemisk samansetjing. Så langt er meir enn 3 500 ulike mineral skildra, og fleire nye blir oppdaga kvart år. Studie av minerala blir kalla mineralogi. Mange mineral er viktige råstoff i kjemisk og metallurgisk industri, og blir da kalla industrimineral eller malm.
Den kjemiske samansetjinga kan variere frå reine grunnstoff (jf. gull og diamant) til komplekse samansetjinger (jf. silikata) som i visse tilfelle kan variere mellom kjende endepunktar i eit mineralsystem (t.d. feltspat-gruppa).
Følgjande karaktertrekk er ofte nytta til å bestemme kva for eit mineral ein har i hende:
- Krystallstruktur
- Hardleik
- Brot og spalting
- Farge
- Strekfarge
- Glans
- Tettleik
- Magnetisme
- Radioaktivitet
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)