Kinnskjeggugle
Kinnskjeggugle | |
Kinnskjeggugle | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Kinnskjeggugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Xenoglaux |
Art: | Kinnskjeggugle X. loweryi |
Vitskapleg namn | |
Xenoglaux loweryi |
Kinnskjeggugle (Xenoglaux loweryi) er ei bitte lita ugle som er endemisk for eit lite område på austsida av Andesfjella innanfor Amazonas-regionen og litt inn i San Martín i Nord-Peru. Habitatet er avgrensa til tåkeskog med tett undervekst og epifyttar og bambuskratt på omtrent 1900–2400 moh.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Kinnskjeggugla er hovudsakleg varmbrun med ein kvitaktig buk og gulkvite augebrynfjører. Tarsane er fjørlause. Dei store auga er oransjebrune. Sjølv om ho manglar øyretoppar, strekk ansiktsfjøra til denne vesle ugla seg ut forbi hovudet, noko som gjer at ho ser ut til å ha lange tufsar. Namnet på den monotypiske slekta Xenoglaux er gresk for «rar ugle»[1] og refererer mellom anna til desse lange ansiktsfjørene. Med ei total lengde på 13–14 cm og ei vekt på omtrent 46-47 gram, er ho blant dei minste uglene i verda. Berre den litt tyngre tamaulipasugla og den marginalt lettare alveugla har ei tilsvarande kroppslengd. Føda til kinnskjeggugla er ikkje skildra, men er trudd å vere sett saman av insekt.
Svært lite er kjent om denne arten. Arten vart oppdaga i 1976, ved tre høve dette året vart eit individ fanga i fuglenett i San Martín-regionen.[2] Første gongen ho vart observert utan bruk av fuglenett var tidleg i 2007 då forskarar såg ho tre gonger i dagslys og registrerte lætet om natta. I tillegg til seinare registreringar frå det same området, har kinnskjeggugla vorte observert fleire gonger ved La Esperanza i Amazonas-regionen, der ho vart oppdaga i januar 2010. I denne lokaliteten held også den kritisk truga gråhaleullapa (Lagothrix flavicauda) til. I dag er kinnskjeggugla kjent frå minst 11 lokalitetar.[3]
På grunn av få observasjonar, avgrensa habitat og pågåande avskoging innanfor det litle utbreiingsområdet, blir ho for tida rekna som sårbar (VU) av BirdLife International. Dei reknar at storleiken på den totale populasjonen ligg mellom 250 og 1000 kjønnsmodne individ.[3]
Ein molekylær fylogenetisk studie av uglene publisert i 2019 fann at ugla er ein systerart til den nordamerikanske alveugla (Micrathene whitneyi).[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Long-whiskered owlet» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2022
- Schulenberg, T. S. og M. G. Harvey (2020). Long-whiskered Owlet (Xenoglaux loweryi), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lowowl1.01
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 410. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ O'Neill, J.P. & Graves, G.R., 1977. A new genus and species of owl from Peru. The Auk 94 p.409-416
- ↑ 3,0 3,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Xenoglaux loweryi. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. november 2022
- ↑ Salter, J.F.; Oliveros, C.H.; Hosner, P.A.; Manthey, J.D.; Robbins, M.B.; Moyle, R.G.; Brumfield, R.T.; Faircloth, B.C. (2019). «Extensive paraphyly in the typical owl family (Strigidae)». The Auk 137 (ukz070). doi:10.1093/auk/ukz070.