Kafr Qara
Kufur Qara | |||
כַּפְר קַרִע, كفر قرع, Kefar Qara, Kfar Qari | |||
by | |||
Namneopphav: Graskarlandsbyen[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°30′20.89″N 35°3′13.76″E / 32.5058028°N 35.0538222°E | ||
Areal | 7 km² | ||
Folketal | 15 300 (2009)[2] | ||
Folketettleik | 2 186 / km² | ||
Kafr Qara 32°30′21″N 35°03′14″E / 32.505802777778°N 35.053822222222°E | |||
Kart som viser Kafr Qara.
| |||
Wikimedia Commons: Kafr Qara |
Kafr Qara eller Kafr Qari (arabisk كفر قرع, כַּפְר קַרִע) er ein israelsk-arabisk by, 40 km søraust for Haifa i Israel. I 2009 var folketalet 15 300.[2] Kfar Qara har rekorden for flest legar i høve til folketalet i landet, kring 14,8 legar per tusen innbyggjarar (2007), i tillegg til å ha flest akademikarar og folk med mastergrad i høve folketalet.[3].
Kafr Qara er ein del av Triangelet. Han ligg i Wadi Ara-regionen, nordvest for den grøne linja. Dei fleste innbyggjarane er muslimar.[2] Han vert styrt som ein lokal kommune.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1859 var folketalet 450 innbyggjarar..[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund Kefr Kara i i Survey of Western Palestine som ein «stor steinlandsby i høgareliggande område, med ein brunn i aust og grotter».[4]
I folketeljinga i 1922 utført av dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kufr Qara 776 innbyggjarar, ni kristne og 767 muslimar.[5] Dette hadde auka i 1931 til 1 109, fire kristne og 1 105 muslimar, i 198 hus.[6]
I 1945 hadde Kafr Qari eit folketal på 1 510 arabarar, som eigde 14 543 mål land.[7] Av dette var 227 mål for plantasjar og kunstig vatna land, 11 516 for korn,[8] medan 25 mål var utbygde område.[9]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kafr Qara» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archaeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestine Liberation Organization Research Center.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, p. 147
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 30. mars 2015.
- ↑ http://www.haaretz.co.il/misc/1.1449256
- ↑ 4,0 4,1 Conder and Kitchener, 1882, SWP II, p. 42
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Haifa, p. 34
- ↑ Mills, 1932, p. 94
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, ' 1970, p. 48
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 90
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, p. 140