Fureidis
Fureidis | |||
פֻרֵידִיס, فريديس | |||
lokal kommune | |||
Fureidis sett frå hovudveg 4
| |||
Namneopphav: Det vesle paradiset"[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°35′47.55″N 34°57′2.16″E / 32.5965417°N 34.9506000°E | ||
Areal | 2,69 km² | ||
Folketal | 10 000 (2005) | ||
Folketettleik | 3 717 / km² | ||
Fureidis 32°35′48″N 34°57′02″E / 32.596541666667°N 34.9506°E | |||
Kart som viser Fureidis.
| |||
Wikimedia Commons: Fureidis |
Fureidis (òg Freidis) er ein israelsk-arabisk by i Haifa distrikt i Israel. Han fekk lokal kommunestatus i 1952.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Ein trur namnet kjem frå det arabiske firdawis, som tyder Edens hage, lånt frå det persiske paradis.[1][2]
Arkeologiske funn
[endre | endre wikiteksten]På 1800-talet vart tre graver hogd ut i berget undersøkt i Fureidis, kvar med fleire kokhim.[3]
Ei grotte oppom den gamle delen av Fureidis på vestsida av Karmelberget hadde restar av grotter frå koparsteinalderen, inkludert store boller, krukker, beinhusrestar og ein lyserosa kalksteinsornament.[4]
Det er òg funne keramikk og restane av ein akvedukt datert til romersk og bysantinsk tid.[5]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Seint i osmansk tid, i 1859, vart folketalet estimert til 200.[6] I 1870 vitja den franske reisande Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at det budde 140 menneske der, hovudsakleg gjetarar og tømmermenn, og somme dyrka òg jorda.[7]
I 1880-åra skildra The Survey of Western Palestine staden som ein landsby av adobestein og stein ved foten av åsen og med ein brunn i sør.[6] Fureidis er ein av få arabiske landsbyar på den palestinske kysten som vart verande intakt etter krigen i 1948.[2] Under krigen tok byen i mot mange flyktningar frå nærliggande landsbyar, inkludert Tantura. Innbyggjarar i lokale jødiske busetnader, særleg Zichron Yaakov kravde at Fureidis (og nabolandsbyen Jisr az-Zarqa) ikkje skulle angripast, sidan dei tradisjonelt hadde eit godt forhold til Yishuv, og amnge innbyggjarar frå Fureidis arbeidde som innleigd arbeidskraft på jødiske gardar.[treng kjelde]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fureidis» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archaeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2 Samarie, pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestine Liberation Organization Research Center.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Morris, Benny (1994): "1948 and After." ISBN 0-19-827929-9. (Chapter 8, p. 257-289: The Case of Abu Ghosh and Beit Naqquba, Al Fureidis and Jisr Zarka in 1948 -or Why Four Villages Remained.)
- Oren, Eliran (2010): Horbat Tafat, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 122.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Spivak, Polina (2008): El-Fureidis Region, Survey Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 120.
- Torge, Hagit (2011): Horbat Tawwasim, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 123.
- Yannai, Eli (2007): El-Fureidis Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 119.
- ↑ 1,0 1,1 Palmer, 1881, p. 146
- ↑ 2,0 2,1 Another Paradise Casts Out a Feisty Woman, By Talya Halkin, 2003, The Forward
- ↑ Conder and Kitchener, 1882, pp. 52-53, noting that the 3rd grave was very similar to the one at Kh. Ibreitas, see SWP, II, p. 31
- ↑ Yannai, 2007, El-Fureidis
- ↑ Spivak, 2008, El-Fureidis Region, Survey
- ↑ 6,0 6,1 Conder and Kitchener, 1882, SWP II, p.41.
- ↑ Guérin, 1875, p. 305