Jonida Maliqi
Jonida Maliqi | |||
| |||
Fødd | 26. mars 1983 (41 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tirana | ||
Opphav | Albania | ||
Aktiv | 1995– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, programleiar |
Jonida Maliqi (fødd 26. mars 1983) er ein albansk songar, tv-programleiar og forretningskvinne. Maliqi vann musikktevlinga Kënga Magjike i 2008 med låten «Njëri nga ata». Ho enda òg på tredjeplass i musikktevlinga Festivali i Këngës i 2003 med låten «Frikëm se më pëlqen». Ho var jurymedlem under den femte sesongen av The Voice of Albania i 2016. I desember 2018 vann Maliqi Festivali i Këngës, som òg var den albanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2019, med låten «Ktheju tokës», og fekk dimed representere Albania i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i Israel i mai 2019.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Som 13-åring hadde Maliqi sin første store opptreden, då ho deltok i musikktevlinga Festivali i Këngës i Tirana. Ho deltok saman med Aleksandër Rrapi og songen «Planeti i fëmijëve». I 1997 deltok ho igjen, denne gongen saman med Kastriot Tusha. Sidan har Maliqi delteke fleire gonger i tevlinga, blant anna i 2004, 2006 og 2007. Ho var òg programleiar for same konkurranse i 2010.
I 2008 deltok Maliqi i, og vann, musikktevlinga Kënga Magjike[2] med låten «Njëri nga ata».
I 2011 gav Maliqi ut singelen «Fantastik» og stilte på ny opp i Kënga Magjike, denne gongen med låten «Thesar pa emër».[3]
Sommaren 2013 gav ho ut låten «Sonte» ('i kveld') saman med rapparane Blunt & Real, og same haust deltok ho i Kënga Magjike med balladen «Ti». I 2015 gav Maliqi ut singelen «Jam bere si ti», skriven av Flori Mumajesi. I 2018 slapp ho singelen «N'errësirë» som var skriven av Olti Curri. I oktober 2018 kunngjorde den albanske kringkastaren RTSH at Maliqi skulle gjera comeback i Festivali i Këngës etter elleve års fråvær. I tevlinga framførte Maliqi bidraget «Ktheju tokës» ('vend attende til landet') som er skriven av Eriona Rushiti og som handlar om den albanske migrasjonen.[4][5] Ho tok seg til finalen og vart 22. desember 2018 kåra til vinnar av tevlinga.[1]
I januar 2019 vart Albania trekt til å deltake i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Albania hadde startnummer 14.[6] I avrøystinga vart «Ktheju tokës» blant dei ti beste i semifinalen, og Maliqi kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[7] I finalen vart songen nummer 17 av 26 deltakarar.[8]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- 2005 – Nuk të pres
Singlar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 1995 – «Planeti i fëmijëve» (med Aleksandër Rrapi)
- 2000 – «Çast»
- 2001 – «Ik»
- 2002 – «Do humbas më ty»
- 2003 – «Vetëm një natë»
- 2004 – «Frikem se me pëlqen»
- 2005 – «Força e femrës» (med Tuna)
- 2006 – «Pa identitet»
- 2007 – «S'ka fajtor në dashuri»
- 2008 – «Njëri nga ata»
- 2011 – «Një orë më shumë»
- 2011 – «Fantastik»
- 2013 – «Sonte» (med DJ Blunt & Real)
- 2015 – «Jam bërë si ti»
- 2018 – «N'errësirë»
- 2018 – «Ktheju tokës»
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Albania: Jonida Maliqi wins Festivali i Këngës 57 with “Ktheju tokes”» (på engelsk). Wiwibloggs. 22. desember 2018.
- ↑ Kënga Magjike 2008s offisielle nettsted, arkivert frå originalen 9. februar 2012, henta 16. november 2021
- ↑ Kënga Magjike 2011-nettsted, arkivert frå originalen 9. februar 2012, henta 16. november 2021
- ↑ «Shpallet lista me këngët konkuruese në Festivalin e 57-të të Këngës në RTSH» (på albansk). RTSH. 17. oktober 2018. Arkivert 2020-10-18 ved Wayback Machine.
- ↑ «Albania: Festivali i Këngës 57 reveals 22 acts and song titles ahead of December 22 final» (på engelsk). Wiwibloggs. 17. oktober 2018.
- ↑ «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019.
- ↑ «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Jonida Maliqi» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2021.