Jeepster
Jeepster Singel av T. Rex frå albumet Electric Warrior | ||
B-side |
«Life's a Gas» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1971 | |
Sjanger | Hardrock, glamrock | |
Lengd | 4:12 | |
Selskap | Fly | |
Tekstforfattar | Marc Bolan | |
Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
Produsent | Tony Visconti | |
T. Rex-kronologi | ||
«Get It On» (1971) |
Jeepster | «Telegram Sam» (1972)
|
«Jeepster» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex frå albumet Electric Warrior frå 1971. Songen vart gjeven ut som singel med B-sida «Life's a Gas».
Songen nådde andreplassen på hitlista i Storbritannia.[1] Songen vart gjeve nut av Fly Records utan at songarem Marc Bolan hadde gjeve løyve til det. Bolan hadde nettopp gått frå Fly til fordel for EMI, som gav han kontroll over sitt eige selskap, T. Rex Wax Co. Records.[2]
Musikken og rytmen liknar Howlin' Wolf-songen «You'll Be Mine», skriven av Willie Dixon. I eit intervju fortalte Marc Bolan at han hadde henta riffet frå ein Howlin' Wolf-song. «Jeepster» har òg likskap med Roy Orbison-songen «You're My Baby».
Songen vart nytta i Martin Scorsese-filmen Alice Doesn't Live Here Anymore frå 1974 og Quentin Tarantino-filmen Death Proof frå 2007.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Eater, The Polecats, Altered Images, Fish, Vernon Reid, Doogie White, Mickey Finn's T. Rex, Love Bites og Showaddywaddy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jeepster (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: